Venstre og fulltidsstudenten

Daniel Gangeskar, ungdomskandidat , Fotograf Vidar Helle

Venstre har over fleire tiår teke studentar på alvor. Gjennom den siste fireårsperioden har vi synleggjort dette gjennom fleire vedtak som vi har fått gjennom i Stortinget, deriblant 11 månadars studiestøtte, betre helsetilbod for studentar og ei massiv utbygging av studentbustadar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Eit viktig poeng for Venstre har vore at det skal kunne vere mogleg å vere fulltidsstudent og at studentar skal kunne få bruke meir tid på lesesalen i staden for å måtte sitte i kassa på Rema 1000 for å skulle få endane til å møtast. Studentar må gjerne ha deltidsjobbar og skaffe seg arbeidslivserfaring og kunne spe på eigne lommepengar, men det må få vere eit val for kvar enkelt student om vedkommande ynskjer å jobbe ved sidan av studiane eller ikkje, og ikkje vere nærast ein nødvendigheit slik det har vore til no. Ved innføring av 11 månadars studiestøtte og ei auke i støtta kvar student mottek kvar månad, so er vi eit steg nærmare det målet.

 

I statsbudsjettet for 2017 vart det vedteke at det skal byggast 2500 nye studentbustadar. Desse bustadane gjer det mogleg for studentar å få tak i rimelege bustadar og at ein ikkje får ein privat marknad som aleine kan styre leigeprisane på bustadar for studentar som treng tak over hovudet.

 

Men vi kan framleis ikkje seie oss nøgde. Per no er det to av fire veker for den 11. månaden for studiestøtta som er sikra, og dei to siste vekene av studiestøtta skal vi jobbe hardt for å sikre i framtidige statsbudsjett.

 

Skal Noreg som nasjon klare å førebu seg på framtida og framtidas utfordringar er det viktig å få utdanna nok kunnskapsarbeidarar som vert viktig ressursar i den grøne omstillinga både vi og resten av verda skal gjennomgå dei neste tiåra. Skal vi klare å få utdanna desse kunnskapsarbeidarane er det viktig å ha parti som tek studentar på alvor. Det partiet er Venstre. Vi skal halde fram med å slåst for å betre dei økonomiske rammene for studentar, betre helsetilbodet for studentar, byggje fleire studentbustadar og sørgje for at tilboda på høgskular og universitet er gode nok til å sørgje for at Noreg står klare for omstilling i framtida.

 

Noreg treng sjukepleiarar, ingeniørar, lærarar, legar, bønder, farmasøytar og mange, mange fleire yrker for å bu seg på framtidas utfordringar. Men for å få desse treng Noreg studentar og gode vilkår for dei. Vi skal slåst, vi skal gjere det mogleg å studere på fulltid. Studentar treng å vere på lesesalen og konsentrere seg om studiar. Dei treng å vere fulltidsstudentar.

 

Daniel Gangeskar, ungdomskandidat for Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**