Meir midlar til symjeopplæring i barnehagen

Foto: Jostein Vedvik

Midlane til symjeopplæring for born i alderen fire til seks år har no auka til 40 millionar. – Viktig for at fleire skal bli trygge i vatn, seier Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant for Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Ordninga med symjeopplæring for born frå fire til seks år starta i 2015, etter initiativ fra Venstre. I 2015 vart det sett av 15 millionar kroner til formålet i budsjettforliket mellom Venstre, KrF og regjeringa. I fjor auka summen til 25 millionar og i år vart det sett av i overkant av 35 millionar. Interessa var så stor at det like før sommaren blei plussa på med fem nye millionar i revidert statsbudsjett.

– Tryggare å bade
For Sogn og Fjordane sin del er det sett av 719 000 kroner i 2017, og det er framleis pengar igjen i potten hos Utdanningsdirektoratet. Både barnehagar, symjeklubbar og kommunar kan søkje om pengar.

 

Ordførar i Fjaler kommune, Gunhild Berge Stang (V), er ein av dei som no vil ta initiativet til å søkje om midlar.

 

– Dette legg eit godt grunnlag for symjeopplæringa borna får i skulen, og det vil gjere det tryggare for fleire å bade og ferdast på sjøen, seier fjalerordføraren og held fram:

 

– Mange born er i dag ikkje symjedyktige før dei når ungdomsåra. Med ein tidlegare start kan fleire lære å symje tidlegare.

 

23 000 born

Til saman vil meir enn 23 000 born få symjeopplæring gjennom ordninga i år. Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre, Sveinung Rotevatn seier han vil jobbe for endå meir midlar til ordninga.

 

– Eg er fornøgd med at Venstre fekk gjennomslag for midlar til symjeopplæring og at støtta no aukar. Samtidig er det framleis mange born i alderen fire til seks år som ikkje får nytte av ordninga, så målet må vere at alle i denne alderen skal få symjeopplæring på sikt.

 

Kontaktinformasjon:

Sveinung Rotevatn: 951 46 487
Gunhild Berge Stang: 976 53 785

 

 

 

Her er Utdanningsdirektoratet si fylkesvise oversikt over fordeling av midlane:

 

Kap. 230 post 70 Tilskudd til svømming i barnehage i 2017
Embete Første tildeling – Statsbudsjett Supplerende tildeling – RNB Total tildeling
Østfold 1 930 273 2 203
Oslo og Akershus 11 100 1 573 12 673
Hedmark 963 136 1 099
Oppland 943 133 1 076
Buskerud 2 032 289 2 321
Vestfold 1 437 203 1 640
Telemark 991 140 1 131
Aust- og Vest-Agder 1 950 276 2 226
Rogaland 3 575 506 4 081
Hordaland 3 248 460 3 708
Sogn og Fjordane 630 89 719
Møre og Romsdal 1 528 217 1 745
Sør-Trøndelag 1 783 252 2 035
Nord-Trøndelag 690 98 788
Nordland 1 192 170 1 362
Troms 877 124 1 001
Finnmark 422 60 482
Sum 35 291 4 999 40 290
*Alle tall i tusen kroner

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**