Om Fredskorpset, og Civita si frykt for distrikta

- Ny teknologi gir nye muligheter for innsamling og bruk av informasjon om enkeltmennesker. Den nye loven gir et godt vern for den enkelte, sier Rotevatn.
- Ny teknologi gir nye muligheter for innsamling og bruk av informasjon om enkeltmennesker. Den nye loven gir et godt vern for den enkelte, sier Rotevatn., Foto: Jostein Vedvik

«Det er synd at bistandsmidler kastes bort på distriktspolitikk som ikke virker» skreiv Anne Siri Koksrud Bekkelund i Civita i Firda 4. juli, med klar adresse til Fredskorpset si flytting til Førde.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Dette lesarinnlegget frå Sveinung Rotevatn, stod på trykk i Firda tidlegare i juli.

Argumenta hentar ho primært frå ei evaluering frå 2009, som tok føre seg Bondevik II-regjeringa si store utflytting av statlege arbeidsplassar frå Oslo. Her blir det peika på at dei fleste verksemdene hadde dårlegare føresetnader for å løyse oppgåvene, at få tilsette valde å flytte med, at det var vanskeleg å få tak i spesialisert teknisk kompetanse og høgare drifts- og flyttekostnader.

 

Ja, det kostar å flytte arbeidsplassar frå Oslo til andre byar og ut i distrikta. Ja, vi er klar over at mange truleg ikkje vil flytte saman med arbeidsplassen sin. Det er mulig at det blir høgare driftskostnader med eit Fredskorps i Førde enn i Oslo. Ikkje husleigekostnader, men reisekostnader. Dei auka reisekostnadene er stipulert til 1 million av eit totalbudsjett på 188 millionar. Samtidig har teknologien gjort det svært mykje enklare – og miljøvenleg – å ha møte og kontakt med samarbeidspartar utan å måtte fly.

 

Det vil koste – og det er nok derfor dei raudgrøne ikkje har hatt mot nok til å ta dei grepa som regjeringa og Venstre no tar. Vi trur nemleg at det er verdt det. Det er viktig å spreie makt, mynde og kompetansearbeidsplassar utover landet. Dette er – ikkje berre i retortikk, men i praktisk politikk – å ta heile landet i bruk.

 

Vi kjøper ikkje Civita sine lettvinte analysar og frykt for distrikta. Oppgåveløysinga vil bli minst like god utanfor Oslo og det gir stor samfunnsgevinst for ein større region. På Vestlandet vil Fredskorpset kunne få ei meir framtredande rolle som fagmiljø, bli meir synleg og det kan gje fleire alliansar enn dei har i dag.

 

I ei offentleg utgreiing frå 2011 (NOU 2011:3), Kompetansearbeidsplasser – drivdraft for vekst over hele landet, blir det slått fast at spreiing av kompetansearbeidsplassar over heile landet kan gje samfunnsøkonomiske gevinstar, og at dette vil gjere den regionale arbeidsmarknaden meir attraktiv og robust. Utvalet som la fram rapporten meiner også at staten har «som landets største enkeltarbeidsgiver et særlig ansvar for å sikre en god geografisk spredning av kompetansearbeidsplasser». Seinare evalueringar av den store utflyttinga av arbeidsplassar under Bondevik II viser også at dei utfordringane ein støytte på i starten, skildra i evalueringa frå 2009 som Bekkelund i Civita lener seg på, gjekk seg til over tid.

 

At det i Førde eller andre stader i landet, utanom Oslo, skal vere så mykje verre å få tak i kompetent arbeidskraft, kjøper vi ikkje. Sjå berre på Lotteri- og stiftelsestilsynet, eller på IT-bedrifta Enoro for den del. Store verksemder i fylket som trekkjer til seg høgkompetente spesialistar. Frykta for at ein ikkje skal klare å bygge gode fagmiljø andre stader enn i Oslo botnar i manglande kunnskap om næringslivet og arbeidsmarknaden i distrikta. Næringslivet leverer på nasjonalt og internasjonalt nivå, og det er ingen grunn til å tru at eit statleg organ plassert i Førde ikkje skal kunne gjere det.
Erfaringane med Lotteri- og stiftelsestilsynet viser at statlege oppgåver kan løysast frå Førde på ein god måte. Det er god fart i digitaliseringa og fornyinga av tilsynet. Brukarundersøkingar viser at det er god kvalitet på tenestene, tilsynet har god rekruttering og i ein digital tidsalder klarar tilsynet å minske flyreisene mykje gjennom videomøte.

Civita må gjerne argumentere med at det ikkje blir meir fred av å flytte Fredskorpset til Førde. Fullfører ein resonnementet vil alt utanfor pendlaravstand til Løvebakken vere nærmast umogleg å drive. Sjølv Landbruksdirektoratet kan ikkje ligge andre stader i Noreg enn i Oslo, får vi høyre. Dersom ikkje landbruket – av alle – kan ha eit statleg apparat i ulike deler av landet, kven kan då?

Det å flytte ut statlege arbeidsplassar handlar ikkje aleine om at dei 45 arbeidsplassane i Fredskorpset skal bære Sogn og Fjordane på ryggen. Det bidreg til å gjere ulike deler av landet til attraktive stadar å busetje seg og arbeide. Det aukar sjansane for at par som vil etablere seg i Sogn og Fjordane kan finne jobbar som er relevante – for begge. Og på sikt vil det kanskje, dersom ein med jamne mellomrom tar slike grep, bidra til å dempe den enorme krafta som dreg arbeidskraft til Oslo, og legg press på både bustadmarknad og infrastruktur.

Dessutan høyrer statlege arbeidsplassar til i Sogn og Fjordane, like mykje som i Finnmark, Nord-Trøndelag eller Hedmark. Det finst ikkje noko universell lov som seier at alt må ligge i Oslo.

Når Venstre no får med regjeringa på å flytte ut statlege arbeidsplassar gjer vi det med vitande om at det er Venstre som må ha handa på rattet om ein skal få desentralisert statleg makt og mynde.

 

Det kan ikkje vere slik at born av trivselsfylket skal måtte bu i Oslo eller Bergen for å finne relevant arbeid etter endt utdanning. Derfor er utflytting av statlege arbeidsplassar viktig og god politikk for å styrke distrikta – og vi er trygge på at oppgåvene til dei statlege etatane vil bli utført på ein minst like god måte i framtida.

 

Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant Sogn og Fjordane Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**