Midt-Telemark for alle

Bier og blomar, Foto: Astrid Larsen

Dette innlegget sto på trykk i Bø Blad 29. juni:

Når dei to kommunane, Bø og Sauherad, slår seg saman, er det som to likeverdige partnarar, og da er det nokre prinsipp som er viktigare enn alt anna: Inkludering, samarbeid og raushet. Det meiner me blir best tatt vare på ved å velje Midt-Telemark som namn på den nye kommunen vår.

For ein bøhering er sjølvsagt Bø eit godt alternativ for namnet på kommunen ein bur i, men det spørs om alle sauheringar føler det på same måten. Når folk frå ulike stader rundt om i Midt-Telemark snart skal høyre til same kommune, bør ein ha eit namn som alle kan føle seg heime i.

Me er trygge på at ein ikkje mistar noko med å velje Midt-Telemark. Ein bøhering er framleis frå Bø. Turistane kjem framleis til å plotte inn Bø på GPSen sin. Det kjem framleis til å stå «Velkommen til Bø» på flagga i gata. Toga stoppar fortsatt på Nordagutu og Bø stasjon! Du kjem framleis til å svare Bø når du blir spurt om kor du kjem frå, på same måte som ein frå Hovden seier at han er frå Hovden (og ikkje frå Bykle kommune) og ein frå Rjukan vil som regel svare Rjukan (ikkje Tinn).

Om du er bekymra for stadnamnet Bø, så bør du i alle fall ikkje gå for verken «Bøherad» eller «Bø og Sauherad» ettersom ein neppe vil seie «Bø i Bøherad» eller «Bø i Bø og Sauherad» – det blir frykteleg tungvint. Men «Bø i Midt-Telemark» høyrest slett ikkje så verst ut.

Midt-Telemark kommune er eit samlande namn for Bø og Sauherad. Det er sjølvsagt ei ulempe for namnet at ikkje Nome er med, men etter vår meining er ikkje innvendinga frå Nome sterk nok til at Bø og Sauherad ikkje bør ta dette namnet. Sauherad sine folk i fellesnemda var krystallklare på at Midt-Telemark var det namnet dei føretrakk.

Midt-Telemark kommune vil vere eit kommunenamn som forsterkar stadnamna. Ein vil vere frå Bø i Midt-Telemark, Gvarv i Midt-Telemark, Hørte i Midt-Telemark osb. Etter vår meining kling dette bra. Telemark er dessutan eit sterkt merkevarenamn internasjonalt, noko som er ein fordel å hekte seg på.

Geilo har ikkje mista merkenavnet sitt sjølv om kommunen heiter Hol. Slik vil det også være for Bø i Midt-Telemark

 

Bergit Myrjord, leiar i Bø Venstre

Evy Beate Tveter, sekretær i Bø Venstre og del av arbeidsgruppa for nytt kommunenamn

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**