Noreg er eit av få land i verda som framleis tilet samfunnet å dumpe gruveslam og giftige kjemikaliar i fjord og sjø. Venstre tykkjer det er på tide at Noreg endrar dagens regelverk og dagens rutinar for å kunne bevare reine, norske fjordar også for framtida.
Risikoen knytt til dumping av gruveslam og giftstoff i fjordar kan vere med på å øydelegge og ruinere fjorden for all framtid. Erfaringar tilseier at fjordar som verte utsett for store overgrep som utslepp av slam og giftstoff har store problem med å reetablere eit berekraftig økosystem, som igjen vil bety at fjordar etter at gruvedrifta har vorte avvikla vil etter alt sannsyn ligge brakk og med lav til ingen moglegheit for reintroduksjon av ulike artar.
Vi har eit felles ansvar som nasjon å vidarebringe eit samfunn og eit miljø som vi ynskjer at borna våre, borneborna våre og oldeborna våre skal kunne få både glede og nytte av. Ved å prioritere kortsiktig profitt som dumping av gruvedrift vil til slutt øydelegge for våre fornybare ressursar som fiske og oppdrett.
Norske inntekter frå fiskeri har dei siste åra auka kraftig og er på stadig stigande kurs. Med lågare oljeinntekter enn på lenge verte det viktig for Noreg å ta betre vare på fornybare ressursar som skal kunne bringe Noreg inn i framtida og sikre norsk økonomi for fleire generasjonar framover. På bakgrunn av dette aspektet verte det viktig at fjordane våre verte ivaretekne på ein forsvarleg måte slik at artar som fjordlaks ikkje verte utrydda, men at den framleis verte ein viktig eksportvare for Noreg også om ti, tjue og femti år framover.
Venstre er klare på at Noreg skal vere ein nasjon som tek vare på miljøet og naturen, som legg hensynet til framtidige generasjonar til grunn og som ikkje minst legg til sides kortsiktig profitt på bekostning av fornybare ressursar som skal fortsette å bygge Noreg.
Sondre Hansmark Persen, 3. kandidat for Venstre i Hordaland