Venstre sitt innlegg i heradsstyret. Val av skuletomt

Landbruk og skule. Valestrand, Osterøy, Kjersti I. Vevatne

Me legg her ut debattinnlegget som vår representant Vevatne hadde i heradsstyredebatten om val av skuletomt for Valestrandsregionen, den 21.06.17.


Me er ueinige. Hovudet mitt fløymer over med ord, argument og tankerekker, og eg kunne ha snakka i timesvis. Framleis hadde me ikkje blitt einige.

I staden for å gå i detaljar om elevtal og prognosar, og kor mange meter ein må gå frå Rundhovde til Elvika, så prøver eg å finne ut kva ueinigheita spring ut av. Det er litt utfordrande i denne saka, mest av alt fordi det er vanskeleg å forstå kvar mange av de andre i heradsstyret vil. De seier lite – og de svarar ikkje på spørsmål. Og nei, eg etterlyser ikkje kva de meiner om beplantning eller toalett (svar til FrP i debatten)

Det har komme nokre veldig viktige spørsmål og presiseringar frå Valestrand FAU, Hauge grendaråd og frå dei tilsette ved skulen. Eg vil takke for det. Det eine brevet var spesielt retta mot Ap og FrP, men eg kan likevel seie at eg óg kjenner meg utfordra av dei momenta som dei kjem med. Og DET handlar om skulekvardagen slik den nå er på Valestrand.

Skulen i dag

Eg er mor til barn på Valestrand og dette er min skule. Den som har vore ein stor del av min kvardag dei siste 4 åra. Eg er heilt enig med både foreldre og tilsette; tilhøva er veldig vanskelige! Det er flott med nye leikeapparat, det er flott med ny paviljong – og dette var heilt nødvendig! Men det betyr ikkje at alt nå er på stell og at me nå kan ha fokus på andre utfordringar i kommunen. I tillegg stiller foreldra, slik eg ser det, tre veldig essensielle spørsmål for framtida.

  1. Kva skule er det me skal ha?
  2. Kva krav skal me sette for nå det målet?
  3. Og korleis påverkar krava val av tomt?

Eg vert forvirra når nokon ikkje svarar på slike grunnleggjande spørsmål, eller snakkar om andre ting.

Premiss for val

Ut frå Ap og FrP sitt ønskje om å utvide skulen sitt areal, så må ein gå ut frå at dette betyr at dei på sett og vis aksepterer at dagens tomt, slik ho er utgreid i rapporten, er for trong. Elles hadde dei ikkje hatt behov for å endre premisset om storleiken på tomta. At det ikkje er plass til ein skule med god kvalitet innafor dagens tomtegrenser er ei viktig erkjenning. Då har me faktisk noko me kan vera samde om: at dagens tomt er for lita.

Det er då at Ap og FrP har eit problem, for dei har i utgreiinga i saka mista det alternativet som dei etter alle solemerker i utgangspunktet hadde bestemt seg for, og har behov for å vurdere meir areal. Då må ein nødvendigvis be om meir utgreiing.

Ueinigheita om premiss som gjeld landbruksareal er grunnleggjande i denne saka. I heradsstyret er me fleire, deriblant meg, som meiner at me skal forholda oss til tidlegare vedtak om at utviding som går inn i LNF-område har så store negative konsekvensar, at dette ønskjer me ikkje. I tillegg så veit me at dette er ein tung veg å gå i forhold til andre instansar som må på banen når eit slikt ønskje kjem opp. Kommunen kan sjølvsagt ikkje berre sjølv vedta å bygge skule i LNF-områder med kulturhistoriske interesser. Det er kontroversielt, det vil ta tid, og utfallet er usikkert, særleg når nevnte instansar er klar over at det finst eit alternativ. Også dei les lokalaviser.

Ansvaret som skuleeigar

Så har me ei anna side av saka der vår usemje ligg, og den er vanskelegare å gripe, for det blir formidla så lite. Det handlar om årsaka for valet me gjer, og det handlar om kva me svarar på spørsmåla frå FAU: Kva skule vil me ha, korleis får me den skulen, og korleis påverkar dette valet av tomt. Eg høyrer så og seie ingen argument frå AP og FrP når det gjeld kvifor dei vel som dei gjer. Dei har i bunn og grunn berre ein konklusjon. Eg fangar opp at dei seier at dei trur det går an, men det blir ikkje sagt noko om kvifor det er viktig å ha skulen nettopp her – mot alle odds.

Og det er ganske symptomatisk at det så langt ikkje er blitt sagt eit einaste ord om Elvikaskogen frå nokon i Ap og FrP. Sjølv om halve saksutgreiinga handlar om nettopp Elvikaskogen. Det fører til at me snakkar om dagens tomt, dagens tomt, og dagens tomt – sjølv om Elvikaskogen ligg der, testa etter alle kunstens reglar, og framstår som eit godt eigna skuleområde.

Alternativ lokalitet

Elvikaskogen er klart betre, vesentleg betre på alle tema, til og med kostnader! Men dette kommenterer ikkje Ap eller FrP. Derimot peikar dei på dagens tomt. Kva har dei då vektlagt? Sjølv om eg forstår at dei tenker at dagens tomt kan utvidast og ein kan søke andre løysingar enn det som er utgreid, så kjem ein ikkje unna at dei fleste fakta uansett vil gjelde.

Så Ap og FrP kan ikkje ha vektlagt trafikk, ikkje sol, vind eller klima, ikkje leikeområde eller nærleik til naturen, ikkje bygget sine funksjonar, ikkje energiløysingar, absolutt ikkje forhold til viktige verneinteresser (tvert imot vil eg seie), og alt tyder på at heller ikkje økonomi er vektlagt – dersom målet er ein ny skule.

Så eg seier det igjen; kva har de vektlagt? Kva har styrt dykkar val? De går gjerne laus på våre tal og amibsjonar, men seier ingenting om kva de sjølve vil. De har ikkje svart på dette til no, sjølv om de er blitt utfordra i formannskapet og i fleire lesarinnlegg i Bygdanytt. Eg er spent på om de svarar i kveld – de har framleis sjansen.

Ei oppmoding

Eg ber dykk tenke dykk godt om som lokalpolitikarar. Politikk er dialog og ikkje minst er det argument og grunngjeving. Ap og FrP har sin fulle rett til å finne saman og bruke sitt fleirtal til å avgjere ei sak – det er demokrati! Men det er veldig problematisk når to parti avgjer ei sak seg imellom, før dei trer ut av sine gruppemøte og inn i offentlegheita, og nærast orienterer resten av heradsstyret og innbyggarane om kva utfallet av saka vil bli – så godt som utan argument.

For så lenge ein har fleirtal, så treng ein ikkje argumentera i offentligheten. De har makt, de brukar makt, men gløym ikkje at de her eit ansvar ovafor oss andre og ovafor innbyggarane. De skal rettferdiggjera vala de tek, og den plassen de har fått i heradsstyret.

Kanskje tenker de at det må gå an å bygge skule på ein enklare og billigare måte. Fortell oss om det! Kanskje meiner de at me må vere meir kreative – og at det umoglege er mogleg på Osterøy. Fortell oss om det! Korleis skal det løysast? Kva er det de vil? Har de ein plan? Kva er det me skal oppnå? Eller ha de ikkje drøfta dette?

Eg kan ikkje sei anna enn at det er ein trist dag for Valestrand og Valestrandsregionen. Me vedtek lite anna enn at me skal ha eit godt og teneleg skulebygg. Eg skal på ingen måte frata Ap og FrP retten til å vedta kva dei måtte ønskje, men eg stiller spørsmål ved kor gjennomtenkt det er, og det forundre meg at argument uteblir.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**