Om Venstre og jordbruksoppgjeret 2017

Foto: Vedvik Photography

Det har ikkje mangla på kritikk frå dei raudgrøne etter at det var Venstre sitt forslag til jordbruksoppgjer som fekk fleirtal i Stortinget. Diverre skyt kritikken langt over mål. Her er fakta i saka:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Venstre ønskjer å verne om forhandlingsinstituttet. Difor bad vi partane finne saman igjen då det vart brot i jordbruksforhandlingane. Slik vart det diverre ikkje, og regjeringa stod på sitt (for låge) tilbod på 410 millionar kroner i auke. Venstre vart deretter med på samtalar med dei øvrige opposisjonspartia for å sjå om det var mogleg å finne ei felles løysing. Det gjekk diverre ikkje, mellom anna fordi dei raudgrøne partia og KrF insisterte på å auke målprisane utover det bøndene sjølv ønska – noko som i størst grad ville tent dei største bruka, og dessutan medført fare for overproduksjon.

 

I tillegg ville dei andre partia auke opp arealtilskota til grovforproduksjon i sentrale strøk, noko som ville vridd produksjonen i desse områda frå korn til husdyr, noko som igjen ville vore negativt for distriktslandbruket – til dømes i Sogn og Fjordane.

 

Sidan vi meinte regjeringa sitt forslag var for lågt, og dei raudgrøne sitt forslag gav for skeive utslag, valde Venstre å fremme vårt eige forslag i Stortinget til slutt. Det ser ut til å kanskje kunne få fleirtal. Der legg vi opp til ei ramme på 625 millionar kroner, pluss 130 millionar krkoner frå Landbrukets utviklingsfond. Dersom ein i tillegg får kontroll på overproduksjonen innanfor svin og lam, noko som var ein føresetnad for inntektsmålet i jordbruksmeldinga, vil det gi ytterlegare 350 millionar kroner i auka inntektsmoglegheit. Til saman vil då bøndene få 26.000 kroner i inntektsauke neste år, d.v.s. at gapet mot andre grupper blir redusert med 10.000 kroner.

 

Dette vil medføre ei god lønsutvikling for bøndene, langt betre enn for andre grupper, og med vår profil på oppgjeret vil dei små- og mellomstore bruka kome best ut. Det er bra for bønder i Sogn og Fjordane.

 

Venstre ønskjer ein sterk kornproduksjon på den beste jorda. Dersom ein forrykkar balansne mellom dei ulike produksjonane kan det føre til meir mjølk- og kjøtproduksjon i sentale område. Det kan føre til nedbygging av verdifull matjord og reduksjons av dyrehald i distriks-Noreg.

 

Dei fire siste åra har Venstre hatt ei hand på rattet i jordbrukspolitikken. Det har ført til høgare matproduksjon, høgare sjølvforsyningsgrad, færre konkursar og færre nedlagte bruk. Men det skal seiast: Dei bøndene som driv stort har kome betre ut enn dei som driv i mindre skala. Difor har vi vore opptekne av at dette jordbruksoppgjeret skal vere eit oppgjer der særleg dei små- og mellomstore bruka skal kome godt ut. Med Venstre sitt forslag til løysing så vil dei det. Eit forslag til løysing som for øvrig gir større vekst for bøndene enn i tre av dei fire siste åra Senterpartiet styrte landbruksdepartementet.

 

Sveinung Rotevatn, stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**