Politisk-litterært hageselskap med Hind Helene Røynesdal, Odd Einar Dørum og Petter Toldnæs 15. juli

Ayman Harira og Hind Helene Røynesdal er vertskap for politisk-litterært hageselskap på Vikli i Bygland 15. juli kl 1500.
Ayman Harira og Hind Helene Røynesdal er vertskap for politisk-litterært hageselskap på Vikli i Bygland 15. juli kl 1500.

Hind Helene Røynesdal og Ayman Harira er vertskap for politisk-litterært hageselskap på Vikli i Bygland laurdag 15. juli kl 1500 og noen timar utover.
Hind vil fortelle om forfattaren Hallvard Sandnes, som var frå garden. Science fiction og teikneserie-entusiasten Odd Einar Dørum

Knut Heggen,Astrid-Steinhovden, Odd Einar Dørum, Anne Grete Johnson Lieng og Lin-Iren Leikvangen i politisk hageselskap i Homlegården i Froland.

vil kåsere om Ingeniør Knut Bergs eventyr, – teikneserien Hallvard Sandnes ga ut under namnet Viglik Vikli. Seinare har Jon Bing og Tor Åge Bringsverd fornya serien. Stortingskandidat Petter N. Toldnæs for Venstre i Aust- og Vest-Agder held politisk appell. Og det blir rikeleg tid til både snakking og lytting. Ta med stol, så skal vi ordne kaker, kaffi og te, pluss litt saft til ungar som kjem. Bygland Venstre ved Torhild Austad og Agder Venstre ved Jan Kløvstad er arrangørar. Og absolutt alle er velkomne, av alle politiske fargar og med alle litterære interesser. Om du kjem sørfrå kan du svinge mot Åraksbø når du kjem heilt nord i Byglandsfjorden. Etter ein kilometer eller så ligg Vikli på høgre side, og vi merkar godt med Venstreflagg. OIgså nordfrå er det kortast veg å køyre til Storstraumen ig svinge opp igjen mot Åraksbø. Parker langs vegen, så det er god plass til å køyre forbi, for eksempel for dei som vil ta ein tur til Åraksbø og sjå Haugenloftet frå 1217-1218. Og: om du har god lyst til å bake kake eller ordne rundstykke, så ring gjerne 91 80 82 56 Jan Kløvstad.

Stortingskandidat og sentralstyremedlem Petter Toldnæs har politisk appell.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**