Kringastemma

Stemmedam ved Valestrand
Kringastemma frå 1880, Osterøy kommune

I desse dagar ligg Kringastemma ved Valestrand tom, og mange spør seg kvifor.

Kringastemma er eit menneskeskapt vatn – og eit kulturlandskap knytt til industriutvikling. Stemmemuren vart påbegynt av son til Ole Bull, Alexander. Frå 1878 bygde han opp Valestrand Uldspinderi, der vasskraft vart viktig. Han bygde fleire stemmer vidare opp mot Brakvatnet. På slutten av 1800-talet voks den vesle industristaden på Valestrand fram. Spinneriet vart solgt i 1887 til Wilhelm Iversen. Han bygde på stemmemuren, og eit større område vart neddemt. Gamle bruer og vegar vart liggande under vatn. Etter dette har vatnet og stemma lagt her i snart 120 år, som ei tydeleg markering av Valestrand sitt opphav.

Kringastemma, Osterøy

Bakgrunnen for saka ligg i at NVE har gjeve Osterøy kommune pålegg om å ruste opp stemmemuren for å hindre dambrot. Tidleg i prosessen vurderte kommunen det som ønskjeleg å heller senke vatnet 2 meter, slik at trykket mot muren vart redusert. Med håp om at dette kunne vere ei god løysing, så har kommunen sendt søknad om konsesjon til å senke vatnet. NVE har akseptert denne løysinga, og har gjeve ein konsesjon som opnar opp for at kommunen no kan vedta å senke vasstanden 2 meter og rive delar av stemmemuren. Samstundes har NVE satt følgjande krav dersom kommunen vel å nytte seg av konsesjonen:

  • ein skal så langt som råd er ta omsyn til den gamle muren og Hordaland fylkeskommune skal gje instruksar om arkivmessig bevaring av stemma
  • det skal byggast åleleder for ål forbi stemmemuren
  • det skal byggast fiskepassasje / trapp for sjøaure forbi stemmemuren
  • rasteplass skal settast i stand nede ved den nye vassflata

Kommunen har aldri søkt om konsesjon til å tømme vatnet som permanent løysing. Grunnen til at det no er tømt er at FrP har hatt framlegg om, og fått fleirtal for, dette i planutvalet. Kva tanke som ligg bak er noko usikkert, men det skal ha blitt uttrykt eit ønskje om å sjå om det er mogleg å få fram dei gamle vegane og bruene som har lagt der vatnet er no. I det siste planutvalet (denne veka), fremma FrP framlegg om å få utgreidd kostnader ved å ha vatnet fjerna heilt. Ap støtta dette framlegget, og det fekk fleirtal. Når saka skal opp i formannskapet no i byrjinga av juni vil formannskapet såleis vurdere tre alternativ; å ha Kringastemma som i dag (med kostnader forbunde med forsterking av stemmemuren), å senke Kringastemma 2 meter (med kostnader forbunde med vilkåra lagt i konsesjonen), og å fjerne vatnet heilt (med ukjente faktorar, både med tanke på om NVE gjev slik konsesjon, og kva kostnader som vil ligge i nye vilkår). Rådmannen har heile tida innstilt på løysinga med vatn nedsenka 2 meter.

Tømt stemmedam. Kringastemma ved Valestrand, Osterøy kommune

Osterøy Venstre er sjølvsagt einige i at liv og helse alltid må komme først, og at Kringastemma må sikrast mot dambrot. Derimot er me ikkje sikre på om me har fått full oversikt over kva som er den beste og rimelegaste løysinga i denne saka. Når det gjeld kostnader er det svært viktig at dei avbøtande tiltaka som NVE krev, kjem med i reknestykket. Vidare meiner me at konsekvensar som ikkje dreier seg om kroner og øre, men handlar om estetikk og miljø, har vore for lite drøfta. Dette siste har me inntrykk av at innbyggarane er opptekne av. I denne saka har me såleis eit døme på at innbyggarar, politikarar og kommuneadministrasjon “snakkar forbi kvarandre”. Dersom me som kommune ikkje greier å møte innbyggarane med argument og grunngjevingar som også drøftar dei sidene av saka som dei er opptekne av – oppleving, estetikk og mjuke verdiar – så vil eit kontroversielt vedtak få eit forklaringsproblem.

Kringastemma, Osterøy

Å tømme vatnet heilt som ei permanent løysing burde vere uaktuelt – og det er heller ikkje foreslått av Rådmannen. Miljøkonsekvensane er store ved ei slik drastisk løysing; både for dyreliv og fisk, men også for dei historiske verdiane i landskapet og dei estetiske kvalitetane. I tillegg til dette tapet, er også kostnadene ved ei slik løysing uavklart. Ein må kunne forvente at ein slik konsesjon (meir drastisk enn å senke 2 meter) vil sette vilkår om istandsetting av gammalt elveleie, restaurering av gamle vegar og bruer, sikring av utvaskinsgssona og tilplanting med vegetasjon. Dette vil vere eit kostnadskrevjande landskapsprosjekt for eit stort areal. Venstre vil ikkje kunne støtte at det vert søkt konsesjon for eit slik løysing.

Når det gjeld å senke vatnet “berre” 2 meter, så meiner Osterøy Venstre at dette kan vere ei løysing dersom stemmemuren vert behalden som han er i dag, og løysinga vert vesentleg rimelegare enn å behalde vatnet og forsterke stemmemuren. Her er det viktig å få oversyn over kva kostnader som ligg i vilkåra som NVE har satt. Dette er vilkår som ikkje slår inn dersom det endelege valet vert å forsterke stemmemuren.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**