Endå betre for verdas vakraste

Top view of the city of Alesund at sunset . Norway, Foto: iStock

Fagert er landet – og noko av det fagraste må vere Møre og Romsdal!

 
Dette er fylket for dei store naturopplevingane. Frå tind til tare. Det er sylkvasse taggar som reiser seg mot himmelen og fjell som stuper bratt i djupe fjordar. Det er kysten med dei saltpiska knausane og den himmelvide horisonten ute i havet. Og nokre av oss er så heldige at vi bur her – medan andre må reise hit for å få sjå all den vakre naturen vår.

 
Reiselivet har venta på ei ny reiselivsmelding i sytten år, og eg er saksordførar for meldinga som no vert behandla. Målet mitt er å gi reiselivet best muleg forhold slik at endå fleire kan få oppleve det vakre landet vårt – og at det vil skape endå fleire arbeidsplassar. Reiselivet er allereie ein viktig bidragsytar både til fleire arbeidsplassar og auka busetjing, og dette kan og må utviklast vidare.

 
Eg var nyleg på møte i Geiranger om reiseliv og verdsarv. Det var sjølvsagt rette plassen for eit slikt møte. Som politikarar har vi eit ansvar for at heile landet vert teke i bruk til reiseliv, men vi må spesielt dyrke det fantastiske produktet vi har i verdsarvområda.

 
Landbruk og reiseliv går hand i hand. Dette er næringar som forsterkar kvarandre og utfyller kvarandre. Eit godt samspel her vil vere med på å bygge opp under det naturbaserte reiselivet ved å halde kulturlandskapet i hevd. Det hjelper ikkje med verdas vakraste utsikt om vi ikkje kan sjå den på grunn av all krattskogen.

 
Norge som destinasjon har fleire gongar vorte kåra til eit av verdas beste reisemål og har ein stor verdi som internasjonal merkevarebyggar av Norge. Naturbaserte attraksjonar som rein natur og reine fjordar er noko av det som er med på å gjere oss meir attraktive i ein kresen marknad som etterspør grønt reiseliv og grøne reisemål.

 
Det må sikrast større offentleg deltaking rundt det å ta vare på verdsarvområda våre. I dette ligg det også at ein skal ta vare på naturressursane på ein god og berekraftig måte og unngå overbelastning.

 
For å styrke og vidareutvikle reiselivsnæringa foreslår Venstre fleire tiltak. Eit av dei å styrke Innovasjon Norge sine utanlandskontor innan internasjonal marknadsføring og i tillegg bidra til eit tydelegare samarbeid mellom destinasjonsselskap og Innovasjon Norge her i landet om produkt- og destinasjonsutvikling. Vi treng også forskingsbasert kunnskap som grunnlag for reiselivsutvikling og få større offentleg deltaking rundt det å ta vare på verdsarvområda våre.

 
Venstre meiner også at destinasjonsselskapa i større grad bør finansierast over offentlege budsjett. Desse selskapa har ei viktig rolle når det gjeld å organisere og legge til rette for turistane og er fellesgode ikkje minst rundt dei naturbaserte attraksjonane og spesielt i verdsarvområda der vertskapsrolla kan vere litt meir tilfeldig.

 
Naturen er ei gave vi må forvalte og dele. Også innan reiseliv. Det er viktig for framtida. Og til glede både for oss som bur her og dei som kjem på besøk.

 
Pål Farstad
Stortingsrepresentant Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**