Som retningsliner for juryen sitt arbeid, har Hordaland Venstre utarbeidd desse statuttane:
Prisen kan tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført prosjekt for å ta vare på verdifulle naturområde, nærmiljø, klima, kulturlandskap, kulturmiljø eller matjord.
Prisen kan tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført miljøprosjekt i eigen organisasjon t.d. energiøkonomisering.
Prisen kan tildelast den/dei som har sett i gang eller gjennomført miljøprosjekt for å skapa bærekraftige lokalsamfunn.
Framlegg til kandidater sendes fylkessekretær Gro Gjelsvik på e-postadresse: [email protected]
Frist for innsending av framlegg er 22. mai 2017.
Framlegget ditt må ha ei grunngjeving med litt nærare informasjon om kandidaten.
Desse har fått prisen dei siste åra:
2016 – Lund Hovedgård AS Bioretur
2015 – Bærekraftige liv på Landås
2014 – Bildeleringen i Bergen
2013 – Besteforeldrenes Klimaaksjon
2012 – Bedrifta Bergen Engines AS
2011 – Bedrifta Den Grønne Sykkel
2010 – Ungdomsråda i Granvin og Ulvik
2009 – M/S Snarveien