Venstre krev akuttkirurgi på Odda sjukehus

Terje Breivik
- – Skolen er den viktigste arenaen for å utjevne forskjeller og skape like muligheter for alle barn. Derfor må alle elever ha rett på kvalifiserte lærere, sier Terje Breivik, Foto: Venstre

Vedtaket om nedlegging av den kirurgiske akuttberedskapen ved Odda sjukehus blei møtt med stor skuffelse. Venstre varsla tidleg at me ønskja å oppretthalde tilbodet, og at me ville kjempe for å få fleirtal for dette i Stortinget.

Måndag 1. mai kom nyheita om at Arbeiderpartiet ønskjer det same, og det ligg no an til fleirtal i Stortinget. Vår førstekandidat til Stortinget, Terje Breivik, er nøgd:

«Det handlar om grunnleggjande tryggleik for alle som er avhengige av sjukehuset, og det handlar om eit godt helsetilbod der folk bur.»

Hordaland Venstre krev at den kirurgiske akuttberedskapen ved Odda sjukehus blir oppretthaldt. For lang reisetid til næraste sjukehus, ras- og flaumutsette vegar, storindustri og store investeringsplanar for utvida aktivitet, er sentrale argument i saka.

Blir den kirurgiske akuttberedskapen ved sjukehuset lagt ned, i strid med fleirtalsinnstillinga frå prosjektarbeidet knytt til ny helse -og sjukehusplan, fryktas det for sjukehuset si framtid.

«Eg meiner me går så langt som me kan i planen, utan å setje helseføretaka under administrasjon. Eit sjukehus som Odda, med den geografien og dei vêrforholda som Odda har, skal ha eit akuttkirurgisk tilbod», seier Breivik.

Hordaland Venstre meiner det vil vere uhaldbart for helsetilbodet i området, og krev at fleirtalsinnstillinga blir vedteken når det saka behandlas 9.mai, 2017.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**