Bli med på Strandryddedagen!

Det blå matfatet vårt, havet, er i ferd med å drukne i søppel. Men vi kan løyse problemet. Berre vi er villig til å ta opp kampen og er mange nok.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Laurdag 6. mai er det Strandryddedagen og over 60 Venstrelag over heile landet skal saman med mange andre frivillige ta i eit tak og rydde.

Det blir dumpa 34 000 tonn søppel årleg berre i Nordsjøen. Når plasten først har komme ut i naturen kan den forureine i hundrevis av år fordi den blir broten ned svært sakte.

Havet er framtida vår. Og vi kan ikkje behandle det som ei søppelfylling.

Difor håpar vi du vil vere med på dugnaden. I Sogn og Fjordane skal vi ha aksjonar her:

  • Førde
  • Vik
  • Fjaler
  • Askvoll

I tillegg blir fleire av lokallaga med på ryddeakasjonar i regi av andre. Ta med ein venn eller fem, og meld deg på.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**