Ope møte med topp-kandidat Pål Farstad om «Reint hav»

Elisabet L. Haugen frå firmaet Clean Coast som vil rydde havet ved hjelp av offshorefartøy på besøk hos Møre og Romsdal Venstre sin representant på Stortinget, Pål Farstad. Begge desse vert med under det opne møtet om «Reint hav» på Ulstein hotell fredag.

Lokale Venstre-lag inviterer til møte med topp-kandidat Pål Farstad om «Reint hav», og håper det vil utløyse engasjement både i ord og handling med vidare diskusjonar og meir strandrydding.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

– Vi må ta vare på havet, det er det vi lever av, seier leiar i Ulstein Venstre, Charlotte Hauge, og leiar i Hareid Venstre, Torstein Nytun.

Det er desse to lokallaga som inviterer til ope møte med Pål Farstad, Venstre sin stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal, på Ulstein hotell fredag. Pål Farstad har bakgrunn mellom anna frå fiskarlagsarbeid, og har «Reint hav» som ei av hjartesakene sine.

«Reint hav» er viktig av ei lang rekke årsaker. Vi hentar mat frå havet og skal gjere det i endå større grad framover. Og havet er også grunnlaget for nye næringar og nye arbeidsplassar. Vi skal hauste både mat og verdiar frå den blå åkeren, og då må vi stelle vel med han.

Pål Farstad, Stortingsrepresentant og førstekandidat, Møre og Romsdal Venstre
Pål Farstad
Pål Farstad, Stortingskandidat for Møre og Romsdal Venstre

– «Reint hav» er viktig av ei lang rekke årsaker. Vi hentar mat frå havet og skal gjere det i endå større grad framover. Og havet er også grunnlaget for nye næringar og nye arbeidsplassar. Vi skal hauste både mat og verdiar frå den blå åkeren, og då må vi stelle vel med han.

Hauge og Nytun gler seg over å ha ein førstekandidat til årets stortingsval som løftar opp dette viktige temaet.

– Vi er kystfolk. Vi lever av det havet gir. Og det skal vi gjere i framtida. Difor set vi dette temaet på dagsorden og håper det vil vere starten på ein god prat og engasjement om saka.

Dei minner mellom anna om at havet om berre tretti år vil innehalde fleire kilo plast enn fisk og at Mørefeltet er eit av dei aller mest produktive havområda i verda og er og rekne som regnskogen i verda. Veritas seier gytefelta på Møre er det havområdet i norske farvatn som er mest sårbart for oljeutslepp.

Offshoreskip i kampen mot marint avfall

Pål Farstad vil halde ei innleiing under møtet i tillegg til at det vert opna for spørsmål og samtale. Det opne møtet er lagt i forkant av samlinga «After work» på Ulstein hotellet.

– Slik håper vi å kunne gi ein kveld som gir påfyll både av av kunnskap og det sosiale.

Før det opne møtet er det samling for lokale Venstre-lag frå heile Søre Sunnmøre. Der skal dei både treffe Pål Farstad og representantar frå Clean Coast, firmaet frå Vanylven som vil ta i bruk offshorefartøy for å rydde havet for plast og anna avfall. Selskapet har reiarlaget Havila og Runde miljøsenter med som samarbeidspartnarar i prosjektet.

Med på samlingane vert også Linn Urke Osnes frå Søre Sunnmøre Reinhaldsverk.

– Så her vert samla mykje kunnskap og engasjement for «Reint hav» på hotellet denne kvelden.

Norges største ryddedugnad

Samlinga fredag er i inngangen til den store strandryddeveka første veka i mai. Strandryddedagen vart etablert i 2011, og er no Norges største kollektive ryddedugnad. «Hold Norge rent» oppmodar om å ta med hanskar, søppelsekkar og registreringsskjema og vere med å rydde Norge. I fjor deltok nesten 20.000 menneske på dugnaden, 377 tonn marint avfall vart fjerna frå nesten 90 mil kystlinje.

Ulstein hadde sin strandryddedag sist laurdag, men det er strender nok til alle.

– Eg påstår at det finst ikkje ei strand utan plast. Om folk finn ei strand utan noko plast, så må dei seie i frå, utfordrar Charlotte Hauge.

Lokale reinhaldsverk tek i mot strandryddeavfall gratis.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**