Vi går til val på ein offensiv politikk for by og land. For å styrke distrikta vil vi sikre eit variert landbruk over heile landet, jamne ut nettleiga og arbeide vidare for midlar til breibandsutbygging på bygdene. Vi vil òg styrke regionsentra og halde fram med å flytte ut statlege arbeidsplassar frå Oslo.
Nye arbeidsplassar over heile landet er nøkkelen til spreidd busetnad, lågare arbeidsløyse og gode velferdstenester. Det grøne skiftet er i gang for fullt, og med Venstre sin offensive næringslivspolitikk vil det kome mange nye arbeidsplassar til Sogn og Fjordane.
Venstre er gründerpartiet, og vil halde fram med å styrke dei sosiale rettane til dei som vågar å starte nye bedrifter og dei som ønskjer å utvide arbeidsstokken. Redusert arbeidsgjevaravgift dei første åra for nystarta bedrifter og betre sjukeløns- og velferdsordningar for gründerar er ein viktig del av dette, saman med såkornfond og regionale utviklingsmidlar. På denne måten løftar vi spesielt dei små og mellomstore bedriftene.
For Sogn og Fjordane sin del er vi spesielt glad for at partiet vil arbeide for redusert el-avgift for rein hydrogenproduksjon. Vi har mange spennande prosjekt på gang innan dette her i fylket.
Landsmøtet har styrka Venstre sin posisjon som eit parti for heile landet, og vi har vedteke eit stortingsprogram med tydeleg distriktsprofil. Skal vi ta Norge inn i framtida på ein god måte må vi bygge bru mellom by og land og føre ein heilskapleg og framtidsretta politikk.
Kontaktinformasjon:
Gunhild Berge Stang: 976 53 785
Sveinung Rotevatn: 951 46 487
Anne-Mette Hjelle: 992 84 302