Venstre er styrka

Sveinung Rotevatn og Gunhild Berge Stang er godt fornøgd etter helgas landsmøte i Ålesund.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

– Landsmøtet har styrka Venstre sin posisjon som eit parti for heile landet. Vi har den beste politikken for både skule, miljø, nye arbeidsplassar og distriktsutvikling, seier Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.

– Tydeleg distriktsprofil
Rotevatn får støtte frå Gunhild Berge Stang, fylkesleiar og andrekandidat til Stortingsvalet frå Sogn og Fjordane Venstre.

– Vi har aldri vedteke eit stortingsprogram som har ein så tydeleg distriktsprofil, seier ho, og held fram:

– Landsmøtedelegasjonen til Sogn og Fjordane har fått gjennomslag for utjamning av nettleige, ein landbrukspolitikk for heile landet, utflytting av statlege arbeidsplassar, satsing på veg der vi ikkje har bane, breiband, regionale utviklingsmidlar, redusert el-avgift for hydrogenproduksjon og ei styrking av nynorsken. I tillegg inneheld programmet mykje anna god distriktspolitikk, som legg til rette for næringsutvikling, studentvelferd og ein betre skule.

– Eg er særs godt fornøgd med landsmøtet. Venstre fører ein god distriktspolitikk, men det har vore naudsynt å ta grep for å gjere dette endå meir tydeleg enn det første programutkastet la opp til.

Klar for valkamp
Sveinung Rotevatn er fornøgd med avklaringane som kom rundt regjeringsspørsmål under landsmøtet.

– Eit samla landsmøte seier klart frå om at vi skal søke borgarleg samarbeid, og at ei blågrøn regjering med Venstre, KrF og Høgre er vårt regjeringsalternativ.

Stang og Rotevatn brettar no opp ermane for å drive valkamp i fylket.

– No har vi vedtatt eit veldig godt stortingsvalprogram, som vi lett kan samlast om, seier fylkesleiaren og får støtte av Rotevatn.

– Dette gir oss energi inn i valkampen.

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**