Distriktspolitisk nettverk


Suldal Venstres Nils Bjarne Vold var på talarstolen på Venstres landsmøte i Ålesund, der han mellom anna snakka for og om landbruket. Det har lenge vore eit sterkt ønskje i frå mange lokallag i distrikts-Norge om å få etablert eit distriktspolitisk nettverk, som skal arbeide med distriktspolitikk. Etter initiativ i frå mellom anna Suldal Venstre, er dette nettverket no ein realitet! Det var ca 30 personar på det første møtet, og planen er å få til eit offisielt skipingsmøte før 17.mai. Dette vekte stor åtgaum, og det var mange godord om initiativet i løpet av kvelden!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**