Utjamning av nettleiga!

Sogn og Fjordane Venstre har fått solid fleirtal for programpunktet «sikre ei utjamning av linje- og nettkostnadane» i stortingsvalprogrammet, og jublar for dette! Kurt Jevnaker frå Årdal haldt tale i forkant av avrøystinga. Denne kan du kan lese her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

«Kjære Landsmøte – eg skal snakka FOR FORSLAG #452

Venstre er PÅ LAG MED FRAMTIDA – BEDRE ER ALLTID MOGLEG – UTJAMNING AV NETTLEIGA ER BEDRE!!

Det regnar verdiskaping i dag.
Norsk kraft er ein føresetnad for vekstkraft og utvikling! Foredling av krafta som finst i vatn som renn nedover gjer det mogleg å spela pokemon, produsera verdas reinaste metall – Aluminium – og satsa på Rein Hydrogen!

Vasskraft er ein bærebjelke i det norske samfunnet. Utnytting av fossefall over heile landet la grunnlaget for kraftforsyning og eit norsk industrieventyr, både i byane og i distrikta.

Vasskraft bidreg årleg med rundt 50 milliardar kroner til fellesskapet. Vasskrafta bidreg til verdiskaping og sysselsetjing lokalt, regionalt og nasjonalt – og i nedbørsrike år betydelege eksportinntekter.

Sogn og Fjordane står for ca 10% av den norske kraftproduksjonen og kvart femte planlagde vasskraftprosjekt ligg i vårt fylke. Sogn og Fjordane er eit overskotsområde på kraftproduksjon. Likevel betyr store geografiske avstandar og lite folk rekordhøg nettleige i distrikta slik fordelingsmodellen er no.

Hovudutfordringa når det gjeld dei høgste tariffane, er at fornybarpotensialet og investeringsbehovet i nettet er størst der det er få kundar. Dei lokale forbrukskundane, hushaldningar og industri i distrikta må difor ta rekninga.Der det vert produsert mykje energi, må det eit stort sentralnett til for å få straumen ut av fylket..alle har sikkert sett mastene på fjella i og ut av distriktet vårt. Nett/linje er infrastruktur på lik linje med veg – og å behandlast deretter. Lik vegavgift bør gje lik nettleige!

Me produserar i sone 5 (Vestlandet) som har overskot og låg pris, men straumen vert brukt i sone 1 som har høgare pris. Det betyr at sjølv om all straumen vert brukt i aust, får me betalt som om den er brukt i Vest.

Folk i Kraftproduserande regionar sit att med skyhøg nettleige for den norske fornybarsatsinga. SLIK KAN DET IKKJE VERA! Me ber om at Venstre samlar seg om ei RETTFERDIG UTJAMNING AV NETTLEIGA FORDELT PÅ ALLE FORBRUKARANE! BEDRE ER ALLTID MOGLEG!! «

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**