Fylkesleiar Berge Stang sitt innlegg på landsmøte i Ålesund

Landsmøtet i Ålesund er komme godt i gang. Trine Skei Grande haldt ein fantastisk tale til landsmøtet. Etter talen til Trine starta generell politisk debatt. Her kan du lese Gunhild Berge Stang sitt innlegg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Gode landsmøte, eg har ei helsing frå distrikts-Noreg, det står betre til enn på lenge! Skulane i Sogn og Fjordane leverer dei beste resultata i landet, folketalet veks, vi har låg arbeidsløyse og eit næringsliv i storform som konkurrerer på den globale marknaden innan råvareproduksjon, energi og IKT.

Distrikta våre er bygde på entreprenørskap i smal og vid forstand. For der kjem ingenting av seg sjølv og du må skape ditt eige liv. Det skapar kultur for tiltak, entreprenørskap og omstilling. I mi bygd jobba det før 150 på Dale skofabrikk. I dag jobbar det 150 i lokale IKT-bedrifter i same bygda

Venstre sitt viktigaste ærend i distriktspolitikken er å skape nye arbeidsplassar, gjennom knoppskyting i eksisterande bedrifter og gjennom grunderskap.

Det største utfordringa for distriktsbedrifta er mangel på risikovillig kapital. Snille tilskotspengar utan krav kan aldri erstatte aktive eigarar som syter for at vi har eit næringsliv som tenar pengar.

Landsmøte, vil vi tilbake til då distriktspolitikk i hovudsak handla om å slå ring om småskala kommunestruktur, lokalsamfunnsutviklingsmidlar, bulystprosjekt og omdømmesatsingar finanisert av kommunaldepartementet? Eller skal vi satse på politikk som gjere det viktigaste av alt, skape arbeidsplassar?

Vårt kanskje mest grunnleggande utfordring ligg i det faktum at 50 % av eksporten vår er produsert langs vestlandskysten vår, medan størsteparten av omsetninga vert liggande at der hovudkontora ligg – og medan vi er sterke på produksjonsnæringane er det ei utfordring å trekke til seg dei tenesteytande næringane og kapital.

Det klarar vi, men då må storsamfunnet bidra i form av å skape miljø for det i form av sterke regionsenter med variert arbeidsmarknad og befolkning, gjennom gunstige skatteordningar, Trinefrådrag og risikovillig kapital gjennom såkornfond!

Då får vi til det gode samvirke mellom produksjon og tenesteyting, då skapar vi samfunn som også trekk til seg dei offentlege arbeidsplassane, og dei mindre bygdene rundt regionsentra har fleire bein å stå på og kan syte for gode nærmiljø å vekse opp i og eit landbruk som ikkje blir truga av fråflytting.

Folkens, det er det som gjev meg bulyst!

 

Kontaktinformasjon Gunhild: 976 53 785.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**