31. mars-2. april arrangerer Venstre landsmøte. Blant sakene som skal opp, er vedtak av arbeidsprogram for neste stortingsperiode. Sogn og Fjordane Venstre har sendt inn ei rekke endringsforslag, og kjem til å jobbe for desse på landsmøtet.
– Vi meiner forslaget til stortingsprogram i all hovudsak er godt, men meiner det på ein del område ikkje tar sterke nok distriktspolitiske omsyn. Difor har vi sendt inn ei rekke forslag for å styrke distrikta, seier fylkesleiar Gunhild Berge Stang.
– Mellom anna har vi sendt inn forslag om eit heilt eige distriktskapittel, der viktige stikkord er utflytting av statlege arbeidsplassar, offensiv breibandsutbygging, styrking av regionsentra og utbygging av hurtigladestasjonar langs vegane. Landsstyret har innstilt positivt på forslaget, så vi har godt håp om at det også kan vedtakast av landsmøtet, seier Berge Stang.
Sogn og Fjordane Venstre har også føreslått å justere programmet på ei rekke andre punkt. Mellom anna vil dei ha inn eit punkt om utjamning av nettleigekostnadar for straumkundar, styrke forskinga på fjordsystem som marine økosystem, styrke satsinga på hydrogenproduksjon og styrke vedlikehald av vegnettet der det ikkje finst bane.
– Det har den siste tida vore fokus på den urimeleg høge nettleiga folk i mellom anna Sogn og Fjordane må finne seg i, trass i at vi har eit enormt overskot av fornybar energi i vårt fylke og eksporterer i stor stil til resten av landet. Eg håpar landsmøtet vil vere med oss på å jamne ut denne forskjellsbehandlinga, seier Berge Stang.
Eit anna område der Sogn og Fjordane Venstre vil jobbe for gjennomslag i programmet, er språkpolitikken. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn meiner programkomiteen har foreslått ein nynorsk-politikk som er alt for passiv.
– Dei seier mykje fint om viktigheita av to likestilte skriftspråk, men det blir for lite kjøt på beinet. Difor har vi føreslått å tydeleggjere behovet for eigen sidemålskarakter, å starte med sidemålsundervisning tidlegare enn i dag, å sikre nynorske barnehagar samt å starte ei prøveordning med bruk av nynorsk i andre fag enn norsk i bokmålsområda, seier Rotevatn.
– Venstre har sidan 1885 vore det mest offensive nynorsk-partiet, og det er ei arv vi har tenkt å byggje vidare på. Så eg håpar og trur på tilslutnad frå landsmøtet til å styrke programmet på dette punktet, seier Rotevatn.
Delegasjonen til Sogn og Fjordane Venstre består av Sveinung Rotevatn (Eid), Gunhild Berge Stang (Fjaler), Daniel Gangeskar (Vågsøy), Trude Risnes (Leikanger), Anne-Mette Hjelle (Førde), Peder Lofnes Hauge (Gloppen), Anne Kristin Villar Sundal (Unge Venstre), Kurt Jevnaker (Årdal) Atle Hamar (Jølster) og Halvor Halvorsen (Flora).