No er det tid for å samlast for lære korleis overtale veljarane. Seminaret passar for alle som ønskjer å gjere ein innsats for Venstre i valkampen. Og vi har fått vår kjære leiar Trine Skei Grande til å komme og fortelje om Venstre sitt ærend i valkampen. Vi gjer deg trygg på stand, på husbesøk og andre valkampaktivitetar. Og lokallag får hjelp til lokale valkampplanar.
Tid: Laurdag 22. og søndag 23. april 2017
Stad: Bergen Døvesenter, Kalfarveien 79, Bergen
Målgrupper: Lokale tillitsvalde og folkevalde, samt frivillige i Venstre sin valkamp 2017
Program (som pdf her)
Laurdag 22. april
11:30 Registrering med kaffi – Velkomen
12:15 På lag med framtida
Trine Skei Grande, leiar i Venstre
13:00 Pause med kaffi/te og ein matbit
13:20 Sveinung på Tinget
Sveinung Rotevatn, 1. kandidat i Sogn og Fjordane
13:40 Terje på Tinget
Terje Breivik, 1. kandidat i Hordaland
14:00 Venstre sett utanfrå. Kva er mogelegheitene for eit liberalt parti i 2017?
For Hordaland: Frøy Gudbrandsen, politisk redaktør i Bergens Tidende (30 min)
For Sogn og Fjordane: (Førebels ikkje kjent) (30 min)
15:00 Mogelegheit for innlegg frå salen.
Moderator: Terje Breivik
15:15 Pause med kaffi/te og ein matbit
15:45 Kven er Venstreveljaren?
Eirik Brautaset, valkampsjef i Venstre
16:30 Venstres valkamp – kort fortalt
Frode Fjeldstad, kampanjerådgjevar på Vestlandet
17:00 Defensive saker for Venstre
Kva kan du bli møtt med på stand og i valkampen, av angrep frå andre parti, og korleis svarer du på ein best mogeleg måte.
Gunhild Berge Stang (Sogn og Fjordane) og Idun K. Bortne (Hordaland)
18:00 Slutt for dagen, middag og sosialt samvær på Bergen Døvesenter
20:00 Sosialt samvær i Bergen sentrum – vi reserverer plassar i kjellaren på Biskopen.
Søndag 23. april
09:00 Velkomen til dag 2
09:15 Kva er dørbank, og korleis gjer du det
Frode Nergaard Fjeldstad, kampanjerådgjevar i Venstre på Vestlandet
Erfaringar med dørbank
Åge Avedal, Førde Venstre (og valkampsjef i Sogn og Fjordane)
Stian Ludvigsen (banket på 2002 i 2015-valgkampen)
10:15 Pause med kaffi/te
10:30 Parallellsesjonar i workshop – kvar deltakar kan velje to sesjonar (ein time på kvar)
- Presse- og mediearbeid
Ønskjer du å bli ein betre skribent, og vite korleis du ”kjem på” i avisene, då er dette workshopen for deg. Peder har erfaring både som kommunestyrerepresentant i Gloppen, og byrådssekretær i Bergen.
Ved Peder Lofnes Hauge, politisk rådgjevar i byrådet i Bergen (V) - Sosiale media – korleis meistrer du det?
Korleis bør eg bruke sosiale media til å fremje politiske standpunkt, og kva innhald gjev størst spreiing?
Ved Thomas Lien, rådgjevar for sosiale media i Venstre. - Å stå på stand for Venstre i valkampen
Å stå på stand er kjekt, men du møter mange ulike spørsmål om Venstres politikk. På denne workshopen får du prøve å stå på stand og forsvare Venstres politikk.
Ved Sveinung Rotevatn,1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre
12:30 Oppsummering av samlinga
Terje Breivik og Sveinung Rotevatn
13:00 Lunsj
14:00 Dørbankaksjon på Kalfaret/Haukeland
Vi går dørbank på Kalfaret/Haukeland, området rundt konferanselokalet. Her kan alle som ønskjer det få prøve seg. Vi går i team på to og to.
15:00 Vel heim og lukke til med valkampen!
Prisar:
Deltakaravgift/eigenandel kr. 500. Alle måltid inkludert, samt overnatting
Ordnar du med privat overnatting vert eigendelen kr 300
Reiseutgifter må lokallaga dekkje sjølv.
Vi har reservert rom for overnatting på splitter nye Zander K Hotell i sentrum (like ved jernbanen). Gje melding ved påmelding om du treng overnatting frå laurdag til søndag. Dersom du vil komme fredag så kan vi reservere rom og du må sjølv betale for den natta: Enkeltrom 800 kr. Dobbeltrom 900 kr.
Påmelding til [email protected] innan 7. april
Spørsmål kan rettast til same e-postadresse eller til Linda Ness Rotihaug på tlf. 959 49 156.
Velkommen til valkampsamling!