Felles valkampsamling for Hordaland og Sogn og Fjordane Venstre

Heine Johansen

Fylkeslaga i Hordaland og Sogn og Fjordane Venstre inviterer alle medlemmer til valkampsamling i Bergen 22. og 23. april. Dette er første samlinga etter at programmet er vedteke på landsmøtet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Nå er det tid for å samlast for lære korleis å overtale veljarane. Seminaret passar for alle som ønskjer å gjere ein innsats for Venstre i valkampen. Og vi har fått vår kjære leiar Trine Skei Grande til å komme og fortelje om Venstre sitt ærend i valkampen. Vi gjer deg trygg på stand, på husbesøk og andre valkampaktivitetar. Og lokallag får hjelp til lokale valkampplanar.

Tid: Laurdag 22. og søndag 23. april 2017

Stad: Bergen Døvesenter, Kalfarveien 79, Bergen

Målgrupper: Lokale tillitsvalde og folkevalde, samt frivillige i Venstre sin valkamp 2017

 

Program (som pdf her)

Laurdag 22. april

11:30 Registrering med kaffi – Velkomen

12:15 På lag med framtida
Trine Skei Grande, leiar i Venstre

13:00 Pause med kaffi/te og ein matbit

13:20 Sveinung på Tinget
Sveinung Rotevatn, 1. kandidat i Sogn og Fjordane

13:40 Terje på Tinget
Terje Breivik, 1. kandidat i Hordaland

14:00 Mogelegheit for innlegg frå salen.
Moderator: Terje Breivik

14:15 Kven er Venstreveljaren?
v/Eirik Brautaset, valkampsjef i Venstre

15:00 Pause med kaffi/te

15:20 Venstres distriktspolitikk

v/ Stortingsrepresentant André N. Skjelstad

15:40 Kva saker kan vi bli møtt med frå andre parti?
Kva kan du bli møtt med på stand og i valkampen, av angrep frå andre parti, og korleis svarer du på ein best mogeleg måte.

Gunhild Berge Stang (Sogn og Fjordane) og Idun K. Bortne (Hordaland)

16:30 Pause med kaffi/te

16:45 Venstres valkamp – kort fortalt
Korleis kan du lage ein effektiv valkampplan for lokallaget ditt, for å møte dei veljarane du ønskjer å nå.

v/ Frode Nergaard Fjeldstad, kampanjerådgjevar på Vestlandet

Erfaringar med dørbank
Åge Avedal, Førde Venstre (og valkampsjef i Sogn og Fjordane)
Stian Ludvigsen (banket på 2002 i 2015-valgkampen)

18:00 Slutt for dagen, middag og sosialt samvær på Bergen Døvesenter

20:00 Sosialt samvær i Bergen sentrum – vi reserverer plassar på Tempo Tempo i sentrum

Søndag 23. april

09:30 Velkomen til dag 2

09:30 Parallellsesjonar i workshop – kvar deltakar kan velje to sesjonar (ein time på kvar)

A. Presse- og mediearbeid
Ønskjer du å bli ein betre skribent, og vite korleis du ”kjem på” i avisene, då er dette workshopen for deg. Peder har erfaring både som kommunestyrerepresentant i Gloppen, og byrådssekretær i Bergen.
Ved Peder Lofnes Hauge, politisk rådgjevar i byrådet i Bergen (V)

B. Sosiale media – korleis meistrer du det?
Korleis bør eg bruke sosiale media til å fremje politiske standpunkt, og kva innhald gjev størst spreiing?
Ved Thomas Lien, rådgjevar for sosiale media i Venstre.

C. Å stå på stand for Venstre i valkampen
Å stå på stand er kjekt, men du møter mange ulike spørsmål om Venstres politikk. På denne workshopen får du prøve å stå på stand og forsvare Venstres politikk.
Ved Sveinung Rotevatn, 1. kandidat for Sogn og Fjordane Venstre

11:30 Pause

12:00 Venstre sett utanfrå. Kva er mogelegheitene for eit liberalt parti i 2017?
Frøy Gudbrandsen, politisk redaktør i Bergens Tidende

13:00 Oppsummering av samlinga
Terje Breivik og Sveinung Rotevatn

13:15 Lunsj

14:00 Dørbankaksjon på Kalfaret/Haukeland
Vi går dørbank på Kalfaret/Haukeland, området rundt konferanselokalet. Her kan alle som ønskjer det få prøve seg. Vi går i team på to og to.

16:00 Vel heim og lukke til med valkampen!


 

Priser – Deltakaravgift/eigenandel 350 kr. Alle måltider inkludert.

OBS! Deltakarar som kjem reisande til Bergen får dekka reiseutgifter og eventuell hotellovernatting. Ein eigenandel på 350 kr vert trekt frå.

Vi har reservert rom for overnatting på splitter nye Zander K Hotell i sentrum (like ved jernbanen). Gje melding ved påmelding om du ønskjer overnatting mellom laurdag og søndag. Enkeltrom 800 kr. Dobbeltrom 900 kr.

Påmelding til [email protected] innan 7. april

Spørsmål kan rettast til same e-postadresse eller til Gro Gjelsvik på 55 55 30 60 (mån, ons, fre)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**