Innlegg i Avisa Hordaland: K5-utsetjing

Sinte og triste etter K5-utsetjing

På trykk i Avisa Hordaland i dag, torsdag 16. mars 2017.

Voss Venstre meiner det er uforsvarleg at E16 ikkje er prioritert til fyrste del av NTP. Den store og skræmande auken i rasaktivitet siste åra har skapt ein forverra og heilt uhaldbar situasjon på strekninga mellom Voss og Bergen. Det er ein fundamentalt annan situasjon enn nokre av dei prioriterte anlegga har. Det er uakseptabelt at faren for liv og helse for vegfarande på stamvegen mellom landet sine to største byar blir neglisjert slik me opplever det blir gjort. Det er uforståeleg at tryggleik for store og små trafikantar som må bruke veg og bane dagleg og at føreseieleg og trygg veg for næringsdrivande i distriktet, ikkje skal vege sterkt nok til at prosjektet blir teke inn i første periode av NTP.
Både Hordaland Venstre og Voss Venstre har heile tida vore klare på at E16 er vår første prioritet i NTP.

Voss Venstre har vore og vil halde fram å vera i dialog med Venstre sin representant i Samferdslekomiteen, Abid Raja, og med stortingsrepresentant Terje Breivik for å setja press på for å få til ei omgjering av vedtaket.

 

Frédéric Larsen
Leiar, Voss Venstre

Jorunn Ytrefjord
Gruppeleiar, Voss Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**