Val av skuletomt ved Valestrand

Foto: Phil Roeder
For nokre få veker sidan vart rapport for val av skuletomt lagt ut på kommunen sine sider. I tidlegare rundar har ein hatt ein god prosess med foreldre og innbyggarar på kva tomter som burde bli vurdert som aktuelle i området mellom Valestrand kai og rundkjøringa på Hauge. Det vart gjort ei siling, og heradsttyret (FrP, H, KrF, Sp og V) vedtok til slutt å sjå nærare på to tomter på Valestrand – med særleg fokus på kostnader, konsekvensar og muligheter. Desse to tomtene er dagens skuletomt og Elvikaskogen.
I tillegg til desse to alternativa ser me konturane av to andre løysingsalternativ som er politiske, og ikkje fagleg utgreidd i konsulentrapporten. Sidan desse verkar å vere relevante i denne saka, vel ein å kommentere dei her.
[table “1” not found /]
Osterøy Venstre vil basere tomtevalet på to ting: fagkunnskap og kva løysing som vil vere best for ungane. Mange andre moment er sjølvsagt av relevans, men når me gjer val i eit langtidsperspektiv, så må kvalitet og innhald vere det styrande! Valet me no gjer er for dei neste 40 åra.
Dette har Osterøy Venstre tru på: Ein skule med varierte uteområde som inviterer til leik, ballspel, aking, fysisk aktivitet, og ein skog med tursti, lavvo og bålplass der ein kokar spikersuppe. Ein skule med lys, luft og sol, som ein stor del av elevane kan gå og sykle til. Ein skule med ryddige trafikktilhøve og parkering til både tilsette, foreldre og bruk på kveldstid. Me ønskjer at det ved skulen kjem ein idrettshall og “storstove” til glede og nytte for Valestrand, Loftås og Hauge. Og sist, men ikkje minst, ønskjer me ein ny, energieffektiv, moderne skule der ungar og lærarar kan ha fokus på leik og læring – ikkje trafikk, knappe areal og lite luft. Dette vil vere eit løft for området (med ca 3000 innbyggarar), og det vil gje ein fantastisk skulekvardag og arbeidsdag for dei tilsette. Me ønskjer oss “Ole Bull barneskule”, sjølv om namnet ikkje er det viktigaste. Ut frå den kunnskapen me har no, så ser me at Elvikaskogen peikar seg ut – eit alternativ som viser respekt for Bullagarden.
I prosessen vidare ønskjer me at det vert halde folkemøte, og at innbyggarane gir råd og innspel. Osterøy Venstre vil alltid vere opne for nye perspektiv. Å ta del i prosessen vidare er særleg viktig for dei med barnehageungar, som kanskje kan vere dei første brukarane av den nye skulen. For oss andre, så er det viktig at me ser samfunnsansvaret om å gje ein god skule for barnebarna våre.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**