Stopp opp litt ved dette, også ved markering av kvinnedagen. No er det ikkje slik at situasjonen er «tipp topp, tommel opp» i alle andre fylke, heller. Det er likevel berre ei mager trøyst for eit fylke og ein region med høge ambisjonar for framtida. For skal vi lukkast med å omstille næringar, skape nye arbeidsplassar, få tak i nok og riktig arbeidskraft, skape livskraftige byar og bygder, må vi få augo på kvinnene. Slik at kvinnene får augo opp for oss!
I dag er det ei overvekt av kvinner som tek høgare utdanning. Og det er særleg kvinner som flyttar frå fylket. For å ta høgare utdanning og bruke utdanninga dei har. Kun eit mindretal av dei med høgare utdanning kjem tilbake, færre enn i fleire andre fylke. I hovudsak blir det forklart med einsidige næringsstrukturar og manglande mangfald i arbeidsplassar. Men kvinnene – og unge generelt – blir ikkje nødvendigvis verande i storbyen. Likevel: dei fleste endar med å busette seg i regionar med større arbeidsmarknader, som kan gje eit breiare utdannings- og karriereval, som tilbyr breie fagmiljø, jobb til to og moglegheiter for framtidige karriereskifte. Det blir også peikt på at fleire unge jenter har eit negativt syn på heimstaden, få ser føre seg ei framtid i ein distriktskommune.
Så, korleis møte utfordringa med at kvinner vel fylket vekk? Vi kan ikkje eine og åleine snakke om «flott natur og trygge oppvekstvilkår i annleisfylket Sogn og Fjordane». Vi må ta kvinnene på alvor, vise at vi treng dei på grunn av perspektiva, kompetansen og arbeidskrafta dei representerer.
Kva betyr så det for prioriteringane vi gjer? Vi meiner at Sogn og Fjordane må kunne tilby både bygd og by. Då treng vi betre integrerte bu- og arbeidsmarknader og sterke sentra. Som spelar godt saman med sine omliggande kommunar. Regionale sentra med større mangfald i arbeidsplassar, tenester, utdanningstilbod og av folk. Med nærleik mellom og breidde i ulike fagmiljø, kraft til samhandling, og ein infrastruktur som handterer fjell og fjord. For å styrke og utfylle det som er. For å motverke den saktegåande sentraliseringa som over tid har flytta folk og marknader til storbyregionane.
Vi har tru på at sterkare sentra i integrerte bu- og arbeidsmarknader vil motverke utflytting og stimulere tilflytting. Vi har tru på at fleire kvinner og ungdom vil kome til Sogn og Fjordane på grunn av, ikkje på tross av arbeid og karriere. Difor prioriterer vi…
- å flytte ut statlege arbeidsplassar til regionale sentra og kommunar der desse kan bidra til større mangfald og regional kraft
- sterke kommunar som tilbyr breie fagmiljø, heiltidsstillingar, mangfald i tenestetilbodet, nye oppgåver og kapasitet til å drive utviklingsarbeid.
- å styrke dei regionale høgskuleinstitusjonane og regionale forskingsfond
- opprustning og investering i kommunikasjon, særleg det som bind regionssentra våre saman
- at utviklingsmidlar skal bygge innovasjons- og kompetansemiljø i regionale sentra
- breibandssatsing også der det ikkje er kommersielt grunnlag for utbygging
- at grunderar og private næringsdrivande får betre sosiale rettar
- å styrke velferdsordningar for einslege og einslege forsørgarar
- gratis barnehagetilbod og gode skular
Vi vil at kvinner og ungdom skal kunne velje både bygder og byar i Sogn og Fjordane. Då treng vi sterkare sentra i godt integrerte, mangfaldige og framtidsretta bu- og arbeidsmarknader. Alle elskar den fantastiske naturen vi lever i. Fleire lever til dels for den. Likevel, kun dei færraste av oss kan lenger leve av den.
Av Gunhild Berge Stang 2.kandidat, Anne Mette Hjelle 3.kandidat, Trude Risnes 5.kandidat for Sogn og Fjordane Venstre til Stortingsvalet 2017