Bø ute av ROBEK

Bø ute av ROBEK

Bø Venstre lova i valkampen at vi skulle vera ute av ROBEK-lista ved rekneskapsavslutninga i 2016. Nå har vi fått fasiten. Rekneskapsresultatet for Bø kommune 2016 viser eit overskot på kr 9,1 mill. etter at tidlegare års meirforbruk på kr 4,2 mill. er trekt frå. Det tyder at vi med god margin har greidd å kome ut av ROBEK og kan starte med å bygge opp nødvendige økonomiske fond slik at vi blir betre rusta til å møte uventa hendingar. Bø er heimen vår, og som i alle hushaldningar treng ein å ha ein buffer i tilfelle noko uventa skulle skje.

Å snu det opparbeidde underskotet i Bø kommune har kravd sterk politisk styring, endring av innarbeidde rutinar og auka fokus på leiing. Og viktigast av alt har vore alle dei lojale og dyktige medarbeidarane i Bø kommune som har gjort ein formidabel jobb til tross for knappe ressursar. Alle skal veta at vi som er politikarar, set stor pris på den gode jobben som tilsette i Bø kommune gjer kvar dag. Vi vil også understreke verdien av at det politiske miljø har stått saman i dette arbeidet.

Vi har gjort mykje for å få drifta i samsvar med inntektene til kommunen. Men vi er ikkje i mål. Når vi fekk så stort overskot i år, skuldast det også at vi fekk ekstra god skatteinngang. Det kan vi ikkje utan vidare forvente i åra som kjem. Derfor må arbeidet med omstilling og effektivisering framleis ha sterkt fokus.

Bø kommune er i sterk vekst, og vi har eit lokalsamfunn med mange gode tilbod. Det skal vi ta godt vare på, og slik sett er vi ein rik kommune. Men økonomisk sett er Bø kommune framleis ein inntektssvak /fattig kommune. Det er lett å tenke at når vi nå er ute av ROBEK, kan vi endeleg opne litt opp og bruke fleire budsjettkroner til mange gode og nyttige formål. Så enkelt er det ikkje. Det vil vera raskaste vegen tilbake til ROBEK-lista . Det er framleis nødvendig med stram økonomisk styring slik at vi kan bygge opp fond og tole dei uventa hendingane som alltid vil kome. Det treng både vi politikarar og administrasjonen å legge oss på minne. Det er slik vi best kan møte ei god framtid for Bø.

Olav Kasland V (ordførar)

Bergit Myrjord V (formannskapsmedlem)

 

 

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**