Buskerud har stort utviklingspotensial innan utdanning, helse og helseteknologi, fornybar energi, skogbruk, reiseliv, matproduksjon og gründerverksemd. I dag blir ikkje desse mogelegheitene utnytta til fulle. Vi treng politikarar som ser både by og land, og som arbeider for resultat og ikkje retorikk som splittar eller lettvinte svar på komplekse utfordringar.
Vi to stiller på liste til stortingsvalet fordi vi ynskjer å gjere ein innsats for Buskerud og innbyggarane her. Vi engasjerer oss politisk fordi vi vil bidra til at Norge framleis skal vere eit inkluderande fellesskap med høg velferd og stor grad av tillit mellom folk. Vi håpar og at fleire vil vere med i dette viktige arbeidet. Det er urolege tider i verda. Dei liberale verdiane som samfunnet er bygd på blir utfordra. Det vi ser i USA, Storbritannia og Ungarn er symptom på demokratiske samfunn i krise. Det er samstundes både ei økonomisk krise og ei tillitskrise. Folk opplever ikkje at politikarane arbeider for dei. Dette blir utnytta av krefter som undergrev tilliten til rettsstaten, pressa og demokratiet. At politikarar kan spille på frykt, er noko vi og kan oppleve her i landet. Det kan igjen føre til splitting, og at grupper i befolkninga blir sett opp mot kvarandre.
Venstre vil vere ei motvekt mot ein slik destruktiv måte å drive politikk på. Populisme skapar verken positiv utvikling eller nye arbeidsplassar. Vi vil mobilisere for håp og framtidstru. Det er mogeleg å føre ein politikk som tek vare på dei svakaste, skapar fleire arbeidsplassar, og opprettheld sterke fellesskap samstundes som vi prioriterer likeverd og kunnskap og tek vare på natur og klima. Vi går til val på eit program som er «På lag med framtida». Vi skal møte klima-utfordringane, gje born og unge trygge oppvekstvilkår, styrke kunnskapssamfunnet og ruste Norge til å møte tida etter olja. Kunnskap er nøkkelen for framtida. Vi treng kunnskap for å møte klimakrisa, kurere sjukdom, utvikle skulane våre, og skape utvikling i både offentleg og privat sektor. Kunnskap er grunnmuren for demokrati, verdiskaping og velferd.. Forakta vi ser for kunnskap i enkelte politiske miljø – når til dømes Frp ler av klimaendringane – gjer det vanskelegare å løyse utfordringane vi no møter.
Venstre vil investere i kunnskap gjennom å investere i folk og sikre barn og unge gode utdanningstilbod i Buskerud. Fylket treng både fleire lærlingar og fleire studentar.
Teknologiske utvikling, forsking og innovasjon gir fleire arbeidsplassar og berekraftig vekst. Vi heiar på gründere og bedrifter, og vi vil sørge for betre rammevilkår for dei som skapar arbeidsplassar.
Venstre vil føre ein miljø- og klimapolitikk som er på lag med folk. Vi vil gjere det enkelt og lønnsamt å gjere grøne val. Buskerud kan bli ein vinnar etter olja. Fylket vårt har mykje skog og vatn, reiseliv og landbruk, mange bedrifter som leverer høgteknologiske produkt. Buskerud kan bli ein særs viktig bidragsytar til det grøne skiftet: produksjon av fornybar energi, teknologisk innovasjon, berekraftige produkt frå skogen, kortreist mat og grøne opplevingar.
I Norge går mykje bra. Vi vil jobbe for å gjere samfunnet enno litt betre. Vi vil ta vare på dei verdiane landet vårt er bygd på: Fridom og tillit mellom folk. Mogelegheiter for alle, uavhengig av bakgrunn, kjønn eller etnisitet. Den fantastiske naturen, som samstundes er matfatet vårt. Velferdsstaten som gir tryggleik.
Vi vil føre ein ansvarleg politikk som gjer at vi kan gje samfunnet vårt vidare til borna våre enno litt betre enn då vi overtok det.
Rebekka Borsch og Anne Kjersti Frøyen
Stortingskandidatar Buskerud Venstre
Lesarbrev Hallingdølen 21.2.2017