Skal vi ha eit reiseliv som kan knyte sine historier kring den lokale maten, må vi samtidig ha matprodusentar lokalt og over heile landet. Landbruket treng unge drivarar, og særleg kvinner. Berre 14 prosent av alle registrerte bønder er kvinner. Venstre vil arbeide for at unge satsar framtida innan landbruket.
Venstre vil:
• Sikre utjamning mellom distrikta, og mellom små og store bruk. Det skal sikre berekraftig landbruk over heile landet. Auka effektivisering og utvikling mot større bruk vil føre til at det minst sentrale landbruksarealet og utmarka ikkje blir nytta, som igjen vil føre til auka transport av for og meir utslepp.
• At jordvernet skal styrkast. Erstatning ved nedbygging av dyrka jordbruksareal skal aukast. Ein må innrette landbrukspolitikken slik at dyrkbar jord og beitemark er i bruk. Politikken skal motvirke attgroing. Venstre støttar ikkje kutt i kulturbeitetilskotet. Venstre ynskjer eit mål om minst 15 prosent økologisk produksjon.
• Auke sjølvforsyningsgrad framfor å auke volumproduksjon: Venstre meiner at ein sjølvforsyningsgrad på minimum 50 prosent, basert på eigne jordbruksressursar, må vere ei hovudmålsetting for norsk jordbrukspolitikk. Venstre vil oppretthalde importvernet.
• Ta konsekvensane av at dei klimatiske endringane utfordrar landbruket. For å oppnå ein mest mogleg berekraftig kjøtproduksjon, bør utmarka i større grad utnyttast og større delar av innmarka nyttast til produksjon av grovfor, korn, grønnsaker og frukt, der det ligg til rette for det.
• Innføre fleire positive verkemiddel og nasjonale tiltak for å redusere klimautsleppa frå landbruket, slik at landbruket tek sin del av klimareduksjonane. Venstre må legge til rette for meir nyskaping i landbruket slik at fleire bønder kan ta i bruk meir miljøvenlege og framtidsretta løysingar.
• Leggje til grunn at det norske jordbruket sitt største konkurransefortrinn er mattryggleik, dyrehelse og dyrevelferd. Verkemiddel knytt til desse tiltaksområda må styrkast. Gode velferdsordningar er viktig for å sikre god dyrevelferd og rekruttering til landbruket gjennom gode avløysarordningar ved ferie, fritid og sjukdom.
• Ikkje redusere frå 19 til 10 mjølkeregionar slik stortingsmeldinga legg opp til. Dagens mjølkeregionar tek omsyn til ein variert bruksstruktur.
Vedteke på Oppland Venstre sitt fylkesårsmøte 18.-19. februar 2017.