Hordaland Venstre krev at den kirurgiske akuttberedskapen ved Odda sjukehus blir oppretthalden. For lang reisetid til næraste sjukehus, ras- og flomutsatte vegar, storindustri og store investeringsplanar for utvida aktivitet, val av E 134 som hovudtrase aust-vest og sterkt veksande turisme knytt til Trolltunga er vektige argument i saka. Odda kommune sin risikoanalyse stør opp om vårt krav.
Blir den kirurgiske akuttberedskapen ved sjukehuset lagt ned, i strid med fleirtalsinnstillinga frå prosjektarbeidet knytt til ny Helse og Sjukehusplan, fryktar Hordaland Venstre for sjukehuset si framtid. Vi meiner det vil vere uhaldbart for helsetilbodet i området, og krev at fleirtalsinnstillinga blir vedteken når det skal gjerast vedtak i saka.