På lag med framtida

Sfj Venstre

Sogn og Fjordane Venstre ønskjer ei ny regjering.

Dei siste fire åra har Venstre på mange område hatt betydeleg politisk gjennomslag i styringa av Noreg. Det har vore med å gi ein ny giv i næringspolitikken med auka tal nyetableringar og næringslivsvekst som resultat, auka samferdsleløyvingar, ein ny miljø- og klimapolitikk som er viktig for Sogn og Fjordane, og ein kommunereform som gir meir makt og mynde til nye og større kommunar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**

Likevel meiner Sogn og Fjordane Venstre at dagens situasjon tidvis har vore i overkant krevjande – særleg frå ein distriktsståstad. Vi har for ofte merka at Høgre og Frp ikkje sjølve har hatt sterkt nok engasjement for å utvikle Sogn og Fjordane, og at jobben Venstre og Krf gong etter gong har blitt nøydde til å gjere frå Stortinget over tid ikkje er nok. Heller enn å sitte i regjeringa sitt parlamentariske passasjersete, bør Venstre igjen ta plass rundt Kongens bord.

Ny liberal, regjering

Sogn og Fjordane Venstre ønskjer ei ny regjering, som Venstre tek del i. Ei kvar regjering som Venstre er ein del av er ei meir framtidsretta, miljøvenleg og reformvillig regjering enn ei regjering utan Venstre. Etter valet skal Venstre søke regjeringsmakt for å vere ein aktiv pådrivar for liberal, sosial og klimavenleg politikk. Sogn og Fjordane Venstre meiner ei blågrøn regjering beståande av Venstre, Høgre og KrF er det beste alternativet for styringa av Noreg, og til å vidareføre og setje i gang nye og naudsynte reformer for utvikling av både velferdsstaten, miljøet og eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane.

Venstre er eit distriktsparti og må vektlegge ein klar og tydeleg distriktspolitikk der utviklingsmogelegheitene og kvalitetane i distrikts-Noreg vert framheva. Det er viktig for Venstre å synleggjere løysingar for sterke regionar over heile Noreg der vi legg større vekt på samspelet mellom storby og distrikt.

Sogn og Fjordane Venstre er opne for å samarbeide med andre for gjennomslag for vår politikk om vår føretrekte konstellasjon ikkje får tilstrekkeleg støtte. For Venstre bør politikken vere avgjerande, ikkje partinamn. Venstre vil ikkje støtte ei regjering vi sjølve ikkje er ein del av.

Venstre sin liberalisme

Venstre sin sosiale liberalisme er oppbyggande, raus og grøn. I Venstre sitt kunnskapssamfunn får menneske høve til å skape det dei måtte meine er gode liv. Kunnskap er den viktigaste føresetnaden for å løyse klimakrisa, kurere sjukdom, utvikle skulesystemet vårt og skape innovasjon i offentleg og privat sektor. Kunnskap bygger opp menneske, og bryt ned kunstige skilje mellom dei.

Venstre sin rause liberalisme legg til rette for eit samfunn der vi respekterer og tar vare på kvarande. Venstre sin liberalisme er sosial. Vi skal ta kampen for mindretalet sine rettar, vi skal kjempe mot fattigdom og vi skal vere der for dei som treng hjelp og støtte. Denne rausheten kjenner ingen landegrenser. Når millionar av menneske til ei kvar tid er på flukt frå krig, svolt og naturkatastrofar, skal Venstre bidra til at Noreg kan vere ei trygg hamn.

Venstre sin liberalisme er grøn. Klimatrugselen er vår tids største utfordring, og fordrar at vi har politikarar som er villige til å setje omsynet til miljøet og framtidige generasjonar over fossile næringar, kortsiktig vinning og mektige særinteresser. Venstre skal vere ein pådrivar for det grøne skifter. Fornybarfylket Sogn og Fjordane har både kunnskap, kompetanse og naturgjevne føresetnader for å ta ei leiarrolle.

Ut frå dette meiner Sogn og Fjordane Venstre følgjande om regjeringssamarbeid etter valet 2017:

  1. Venstre vil i regjering.
  2. Ei blågrøn regjering med Venstre, Krf og Høgre er etter Venstre sitt syn det beste alternativet for styringa av Noreg.
  3. Får ikkje ei blågrøn regjering tilstrekkeleg støtte, er Venstre innstilt på å søke alternative samarbeid for å få størst mogleg gjennomslag for Venstre sin politikk.
  4. Venstre vil etter valet 2017 ikkje støtte ei regjering vi ikkje er ein del av.
  5. Det er ikkje aktuelt å sitje i regjering med FrP.
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**