For ”meinigmann” vil denne endringa vere mest knytt opp mot bilkøyring. I store byar er dei viktige tiltaka auka satsing på kollektivtrafikk. I landlege områder er vi heilt avhengige av privatbilen. El.-bil, hybridbil, bil som går på hydrogen, utvikling av biodiesel for tungtrafikken; det blir jobba hardt og intenst på fleire felt for å skape bilen som ikkje vil er avhengige av å gå på fossilt drivstoff.
Det har blitt skapt eit bilete av at EL-bil berre er eigna for byane, at denne type bil ikkje er eigna for bilkøyring i distrikta. Slik er det ikkje. Vi ventar alle på el-bilen som kan gå svært langt før den må ”tankast”, og den er no på veg. Men i det daglege er dei færraste av oss avhengige av å køyre langt kvar dag. I distrikta pendlar dei fleste med bil til jobb, butikk, fritidsaktivitet, og dei fleste familiar er heilt avhengig av å ha 2 bilar. El- bil eignar seg ypparleg for dei fleste av desse behova i kvardagen.
Det å køyre El-bil svarar seg økonomisk i dag. Dersom vi skal få ei utskifting av bilparken som monnar, må det svare seg økonomisk for alle som vel å køyre miljøvenleg. Slik er det i dag, og slik må det også vere i framtida. Det skal vere økonomisk lønsamt å gjere det som er best for miljøet.
Venstre vil halde fram med å jobbe for at det skal svare seg å køyre miljøvenleg, slik at vi får ei heilt naudsynt endring, med framtidsretta utskifting av personbilparken, til bilar som ikkje er avhengig av fossilt drivstoff.