Fråsegn: Samarbeid – Stortingsvalet 2017

Foto: Venstre

Årsmøtet i Hordaland Venstre vedtok laurdag følgjande fråsegn:

Venstre har saman med KrF snart vore støtteparti til den blå regjeringa i fire år. Det har ført til større satsing på høgare utdanning, betre økonomiske kår for studentar, rekordsatsing på jernbane, vern av LoVeSe og binding til EU sine klimamål på 40% kutt innan 2030. Samstundes har det vore ein del utfordingar, og rolla som støtteparti har ikkje vore ideell.

Budsjettprosessane har vore konfliktfylte. I tillegg har den negative og splittande retorikken i innvandringspolitikken, samt manglande vilje til klimakutt, vore svært utfordrande for samarbeidet. Mangelen på eit samla, borgarleg prosjekt har vore skrikande openbar. Difor meiner Hordaland Venstre at den noverande regjeringsmodellen må revurderast.

For Venstre må målet vere å gå inn i regjering. Hordaland Venstre meiner regjeringsmakt vil styrke Venstre sine politiske gjennomslag, samstundes som det kan dempe konfliktnivået opp mot andre parti.

Hordaland Venstre meiner Venstre bør gå til val på ei regjering beståande av Venstre, KrF og Høgre. Ei blågrøn regjering vil vere eit godt utgangspunkt for å drive framtidsretta politikk, spesielt på områder som klima, innvandring, utdanning, barne- og familiepolitikk. I tillegg vil ei slik regjering kunne fornye arbeidsmarknaden slik at me er klare for morgondagen sine utfordringar.

Hordaland Venstre vil ha ei blå-grøn regjering beståande av Høgre, KrF og Venstre. Dersom det ikkje vert grunnlag for ei slik regjering i Stortinget, vil Venstre vere konstruktive og sjå om andre regjeringskonstellasjonar kan gje gjennomslag for vår politikk. Venstre bør ikkje støtte ei regjering vi ikkje er ein del av.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 7 år siden.**