Venstre i Leikanger og Sogndal er uroa for livet i Sognefjorden, særleg for hummaren. Stort fiskepress på ein allereie svært sårbar bestand, gjer at alarmklokkene ringer, bl.a hjå Havforskingsinstituttet. Meldingar om sterk havforsuring som forstyrrar fjorden sitt komplekse økosystem og rammar både skalldyr og fiskebestand, forverrar situasjonen ytterlegare.
Som eit strakstiltak vil Venstre difor jobbe for at kommunane innfører bevaringssoner for hummar. I fleire område langs kysten og i Hardanger har kommunar gått saman om å etablere slike bevaringssoner. Erfaringane er svært gode. Når hummaren får gyte og bli vaksen i fred, så aukar både storleiken og mengda av hummar kraftig.
Venstre tek også på alvor lokale erfaringar med «fisketom fjord». Som tiltak på kort sikt vil vi difor bremse opp brislingfisket. Vi veit for lite om samanhengane mellom brislingbestand, brislingfiske og registrert nedgang i fiskeslag som livnærer seg på brisling. Vi meiner difor at «føre-var-prinsippet» må gjelde: Fisket etter brisling bør reduserast inntil vi veit meir om effektane brislingfisket har på andre fiskeslag i fjorden.
Venstre i Leikanger og Sogndal vil difor ta initiativ til at kommunane langs Sognefjorden går saman om ei styrkt lokal forvaltning av våre marine ressursar. Vi kan starte med hummar og brisling, der vi sikrar hummarbestanden og at det er nok brisling i fjorden til at vi har fiskbare bestandar av t.d torsk, sei og lysing.
Vi vil at 1) Leikanger og Sogndal tek inn lokale marine bevaringsområde for hummar i kommuneplanane sine, der det blir totalforbod for all fastståande reiskap. 2) Vi vil at brislingkvoten blir redusert og at det blir forbode å drive lysfiske etter brisling innanfor område som er grunnare enn 100 m.
Vi treng også meir kunnskap om dei komplekse og unike fjordsystema våre. Lokallaga tek difor initiativ til at Venstre på nasjonalt nivå fremmer saka om styrkt kunnskapsutvikling på hummar- og fiskebestanden i fjordsystem, slik som Sognefjorden. Eit konkret forslag til tiltak er ei endring i vannrammedirektivet/vannrammeplanen slik at marin fisk vert eit kvalitetskriterium for tilstandsvurdering av miljøforholda i fjordsystema. Dersom marin fisk hadde vore eit av kvalitetskriteria ville det ha gitt langt betre kunnskap om fiskebestandane i fjordane enn kva vi har i dag. Sognefjorden er dronninga i vårt fantastiske fjordlandskap. Det er på høg tid at vi i forvaltninga av dette unike verdsarvområdet verdset også dei marine ressursane i seg sjølv.