Venstre i Leikanger og Sogndal støttar Viten-senter Sogn og Fjordane

NASA

Venstre i Sogn og Fjordane følgjer med stor interesse planane om å etablere eit Viten-senter i Sogn. Dette er eit glimrande døme på framtidsretta tenking der opplærings-, kunnskaps- og innovasjonsmiljø blir kopla med breie næringsmiljø, som kan løyse ut spennande mulegheiter i heile Sogn og Fjordane.

Næringslivet i fylket vårt og opplæringsinstitusjonane våre har stort behov for auka realfagkompetanse. Born, unge og folk flest har behov for å bli betre kjend med mulegheitene i næringslivet vårt. Opplærings-, innovasjons- og grundermiljøa har behov for «sandkassar» for testing og utprøving. Eit Viten-senter kan løyse ut alt dette, og bygge bruer mellom akademia og praksisfeltet.

I fylket har vi mange gode døme på kva vi kan få til når breie partnarskap går saman. Dette kan verte ein ny katalysator for forsking og utvikling, bl.a knytt til mulegheitene som ligg i det grøne skiftet og kopling mellom fornybar energi med el-kraft og hydrogen-produksjon, transport- og logistikkfag på Sogndal vgs., prosessindustri og teknologi. Vi gler oss difor over at viktige miljø som Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Sogndal Vgs, industrimiljø i Luster, Sogndal, Årdal m.fleire engasjerer seg i prosjektet.

Venstre i Sogn og Fjorane støttar planane om eit Vitensenter Sogn og Fjordane, og vil jobbe for vidare realisering bl.a gjennom å kople Sogndal vgs til prosjektet, og få senteret inn i fylkeskommunens utviklingsplanar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**