Lokallaga i Leikanger og Sogndal samla seg denne veka til felles årsmøte på Leikanger. Det er første gongen vi gjer dette, med gode erfaringar, seier dei nyvalde lokallagsleiarane Hans Haugen og Trude Risnes.
Gjest på årsmøtet var stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn. Han innleia med eit tilbakeblikk på dei fire siste åra som samarbeidsparti til regjeringa. – Det har vore krevjande, samstundes har det også gitt gjennomslag i viktige saker for Venstre og for Sogn og Fjordane, seier Rotevatn. – Tapskompensasjon til fylkeskommunen, auka midlar til rassikring, styrkt satsing på grunderskap, og eit skikkeleg løft på vidarutdanning for lærarar, for å nemne noko.
Årsmøtet hadde også gode debattar om dagsaktuelle lokale saker, t.d barnevern, kommunereform, planar for Viten-senter på Kaupanger, Statnetts linjeopprustning og miljøproblema for Sognefjorden. Her slutta dei to laga seg til fleire fråsegner, bl.a held dei to lokallaga fast på at dei ønskjer ei større kommunedanning i Sogn, der også Luster bør vere med. – Vi har diskutert spørsmålet i fleire rundar, og meiner at kommunane Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster i praksis heng saman allereie, både i tenestetilbod og samfunnsutvikling, seier dei to lokallagsleiarane.
Fråsegner går også til Venstres fylkesårsmøte. -Vi fremjer fråsegn om støtte til planane for eit Viten-senter i Sogn. Eit nyskapande prosjekt som heile fylket bør støtte oppunder, seier dei to Venstre-politikarane. Fylkesårsmøtet for Venstre er i år i Sogndal, 11-12.februar.