Det seier fylkesleiar i Venstre, Gunhild Berge Stang. Ho gir følgjande utfordring til fylkesårsmøtet i Høgre i helga på saker Venstre vil ha endra i meldinga som er lagt fram:
- Dei fire overordna måla Stortinget har sett for landbrukspolitikken må stå fast: Mattryggleik, landbruk over heile landet, auka verdiskaping og bærekraftig landbruk.
– Venstre kan ikkje godta at desse vert skubba til side av eit nytt mål om «kostnadseffektiv matproduksjon». Å setje eit slikt mål betyr i praksis ei dramatisk flytting av norsk landbruk bort frå fjordane på Vestlandet og vil dempe investeringsviljen blant bøndene i Sogn og Fjordane kraftig, seier Gunhild Berge Stang.
- Ingen vesentlege endringar i dagens marknadsreguleringsordningar
– Marknadsreguleringsordningane er viktige for ein del nisje-næringar i landbruket i Sogn og Fjordane, ikkje minst geitenæringa. Sogn og Fjordane Venstre kan ikkje sjå at Regjeringa fører fram gode argument for å avskaffe desse ordningane – som er viktige for mangfaldet og breidda i distriktslandbruket.
- Styrke, ikkje svekke avløysarordninga.
– Framlegget om å erstatte avløysarordninga med «dyretilskot» er i praksis ei flytting av ressursar bort frå dei små og mellomstore bruka på Vestlandet. – Gode velferdsordningar med høve til ferie og fritid på linje med oss andre er avgjerande for å få ungdom til å satse på landbruket. Venstre vil snarare styrke enn svekke avløysarordninga, seier Gunhild Berge Stang.
- Større regional fridom til investeringar i landbruket
– Venstre vil gi meir, ikkje mindre makt til nye folkevalde regionar. Vi er difor sterkt usamde i framlegget om å ta frå «fylkes-partnerskapen» fridom og verkemiddel til å tilpasse investeringsstrategien i landbruket til sitt område, og sentralisere dette.
– For Venstre er det eit ufråvikeleg krav at det skal vere lønsamheit også i små og mellomstore bruk på Vestlandet i framtidas landbruk – og i å drive kombinasjonsjordbruk.
– Det er sjølvsagt også andre framlegg i meldinga som Venstre vil sjå kritisk på, mellom anna regioninndelinga for mjølkekvoter, men som ein start vil eg
utfordre Sogn og Fjordane Høgre til å slutte seg til dei fire punkta over. Ei eintydig melding frå partia i Sogn og Fjordane med stortingsrepresentantar vil vere ein stor styrke i arbeidet Stortinget no skal til med på landbruksmeldinga, seier Venstre sin fylkesleiar Gunhild Berge Stang.