Det er starta opp områdeplanlegging av arealet rundt Brekkeløypa og Lonene i Knarvik. Føretaket Opus Bergen AS har fått fullmakt til å arbeida fram reguleringsplanen.
Lindås Venstre meiner at Lonene med Brekkeløypa og området rundt er eit svært viktig tur og rekreasjonsområde, og at området ein ein svært viktig innfallsport til turområdet rundt Indregardsfjellet og Gamleskulen. Området her er etter Lindås Venstre si meining vorte den viktigaste aktivitetsplassen i Lindås kommune, både for familiar, skuleungdomar, barn og vaksne i alle aldrar.
Lonene er også ei av dei siste store grøntområda som ligg sentrumsnært og sentralt i til idrettsanlegget og skuleområdet i tettstaden Knarvik. Lindås Venstre meiner no at dette området fortener ei god og langsiktig arealvurdering på kommunedelnivå og ikkje gjennom ein konkret reguleringsplan med føremål å få på plass inntil 1500 bustader.
Lindås Venstre meiner at områdeplanen for Lonene bør stoppast, til etter at ein ny og grønstrukturvenleg kommunedelplan for heile Knarvik og Alversund er vedteken. Då først har lokalsamfunnet og alle som no bur i desse områda eller som brukar området, hatt sjansen til å drøfta kvar ein ønskjer nye bustader velkomen, og kvar ein ønskjer å sikre framtidige rekreasjonsareal til beste for folkehelse, friluftsliv og for mosjonistar i alle aldrar.
Dersom det ikkje er mogeleg å stoppa opp planarbeidet meiner Lindås Venstre at føremålet med planprogrammet for Lonena planen bør endrast til følgjande:
- Føremålet med reguleringsplanen for Lonene er å få regulert og sikra mest mogeleg av planområdet til friområde/ friluftsføremål, og til anna arealbruk som fremjar folkehelse og naturbruk.