Saker som skal handsamast i årsmøtet må vere styret i hende innan 20. januar 2017. Lokallagsleiarane må sende innkallinga til sine medlemmer som varsling av fylkesårsmøtet.
NB! Siste frist for innsending av fråsegner er sett til 2. februar.
Når det gjeld innspel og endringar til stortingsvalprogrammet så er det ønskjeleg at dette vert sendt inn innan den 2. februar også. Men absolutt siste frist vil vere under innleiing og debatt laurdag i årsmøtet.
Alle påmeldingar vert å sende elektronisk til fylkessekretær som ordnar rombestilling på hotellet. Send på e-post til [email protected] med dei opplysningar som vi treng. (Vedlagde påmeldingsskjema kan nyttast.)
Oversikt over tal utsendingar til årsmøtet er sendt lokallaga på e-post i innkallinga.
Påmelding sendast innan 31. januar til fylkessekretær på [email protected].
Lokallaga sender namn og e-postadresser til utsendingane, om dei ønskjer enkeltrom eller om nokon deler dobbeltrom. Lokallaga må sjølv dekke reise og opphald for utsendingar og eventuelle observatørar.
Dersom vi ikkje får e-post adresse til utsendingane, lyt lokallagsleiar formidle vidare sakliste, program og anna informasjon til utsendingane når dette vert klart.
Pris pr. person heiltpensjon frå laurdag til søndag, for enkeltrom og inkludert lunsj sundag vert kr. 1370,- . (Kr 1170,- pr. person i dobbeltrom.) Pris for ikkje-buande vert kr. 460 pr. dag. Årsmøtemiddag kr. 420,- kjem i tillegg for dei som ikkje bur på hotellet.
Har du lyst til å ta med familien din denne helga så kostar det kr 200,- ekstra per person, per natt, for ekstra seng i romma, inkl. frukost. Born under 12 år 50% rabatt på andre måltid.
Spørsmål kan rettast til Linda på tlf. 45 51 51 52 eller på e-post [email protected].
Med helsing styret i Sogn og Fjordane Venstre