Ja til ein sterk Vestlandsregion

Fylkesleder Idun Bortne, Foto: Sondre Hansmark Persen/Hordaland Venstre

Hordaland Venstre beklagar at det ikkje ser ut til å vere fleirtal i Rogaland fylkesting for intensjonsavtalen om ein Vestlandsregion, seier fylkesleiar Idun Bortne.

Innbyggjarar og næringsliv på Vestlandet fortener eit sterkt regionalt forvaltningsnivå som kan tene både fjord og kyst og representere desse i Noreg og Europa.

Hordaland Venstre ber fylkestinget i Hordaland om framleis å røyste for intensjonsavtalen slik den føreligg, da vi framleis ønsker å samle Vestlandet.

Ei slik samling synast likevel ikkje mogleg å oppnå, men Vestlandet er meir enn berre Hordaland og Sogn og Fjordane, og meir enn berre éin stor by.

Om Rogaland fylkesting røyster ned intensjonsavtala ønskjer Hordaland Venstre at det blir utarbeidd ein alternativ vestlandsregion som inkluderer Haugalandet og Sunnmøre, og som gir vestlandsregionen fleire dynamiske og store byar i vår region. Utan ein slik «fleir-by-dynamikk» med Haugesund, Bergen og Ålesund, er vi redd Vestlandet ikkje kan utvikle seg til den sterke regionen vi ser for oss.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**