Klimaspørsmålet har stått i hovudfokus gjennom budsjetthausten. Då Venstre, KrF, Høgre og Frp la fram den framforhandla budsjettavtalen laurdag 3. desember kl. 19.00, var den grøne pakken blitt god nok til at Venstre kunne seie seg nøgde.
– Vi har sjølvsagt ikkje kome så langt som Venstre skulle ønske, men vi har no sikra oss eit budsjett der klima- og miljøsatsinga er styrka med 2,5 milliardar kroner. Viktige tiltak har kome på plass for at det skal løne seg å velje grønt i kvardagen, og det er vi glade for, seier Sveinung Rotevatn.
I tillegg til dei nasjonale hovudspørsmåla, er fleire viktige budsjettpostar for Sogn og Fjordane blitt endra. Mellom anna er tapskompensasjonen for fylkeskommunar styrka med 40 mill. kroner, breibandstilskot er styrka med 45 mill. kroner og skredsikring av fylkesvegar har fått ei påplussing på 56 mill. kroner.
– Alt dette er budsjettpostar av stor viktigheit for fylket vårt. Vi brukar å få tildelt brorparten av desse midlane, og med styrkinga som no er på plass kan vi bu oss på meir utbygging av breiband, tryggare vegar og ein styrka fylkesøkonomi, seier Rotevatn.
– Sogn og Fjordane kan vere svært godt nøgde med budsjettavtalen som er lagt fram i kveld. Venstre har tatt kampane for det som verkeleg er viktig for Sogn og Fjordane – og vunne: Meir pengar til vidaregåande skule, breiband, næringsutvikling, gode skular og landbruk – og ei storstilt satsing på nytt grønt næringsliv som vil tene fornybar-fylket Sogn og Fjordane, seier fylkesleiar i Venstre Gunhild Berge Stang.
Nokre nysatsingar er det også funne plass til. Frå neste år blir det løvyd 1 mill. kroner til å etablere ei landslinje for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule.
– Dette har vore eit prosjekt vi var villige til å kjempe gjennom, fordi det er av stor viktigheit både for lokalmiljøet og for idretten nasjonalt. Skiskyttarmiljøet i Stryn er svært sterkt, og eg gler meg over at Stryn vgs. no får høve til å etablere denne nasjonale satsinga, seier Rotevatn.
Vidare ligg det ligg det inne i budsjettavtalen 200 mill kr meir i regionale utviklingsmidlar, som har vore eit viktig krav frå landets fylkeskommunar.
Av andre saker som direkte angår fylket, kan nemnast at Nynorsk avissenter i Førde vert styrka med ei ekstra løyving på 500.000 kroner, og at Norsk Fjordhestsenter på Nordfjordeid får reversert eit foreslått kutt på 750.000 kroner. I tillegg ligg det inne auke i støtta til studentar som studerer ved United World College, som er viktig for UWC i Fjaler.
– Venstre har også i år klart å gjere jobben, der regjeringspartia diverre ikkje har levert godt nok. Eit sterkare Venstre på Stortinget er den beste garantien for vekst og utvikling i Sogn og Fjordane i det grøne skiftet vi no er inne i, seier fylkesleiar Gunhild Berge Stang.
Sidan budsjettforhandlingane gjekk på overtid, og det vart kort tid til å gjennomforhandle alle område mot slutten, er samarbeidspartia einige om at det blir større rom enn vanleg til å gjere endringar i komitéarbeidet – sjølv om dei overordna rammene ligg fast.
– Dette betyr at det blir større moglegheit enn før for å danne alternative fleirtal. Det vil eg bruke aktivt for å forsøke å få ytterlegare gjennomslag i saker som er viktige for fylket vårt, så sant fleirtala lar seg oppdrive, seier stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn.
Kontakt:
Sveinung Rotevatn, tlf. 951 46 487