Vossabudsjettet for 2017 må betrast!

Voss Venstre har – som vanleg – levert eit gjennomarbeidd framlegg til budsjettet for 2017

 

Endringsforslaga til driftsbudsjettet inneber reduserte avgifter for barnefamiliar og eldre, styrking av bemanninga i barnehagar, styrking av kulturbudsjettet , støtte til nyetablerar, og pengar til konkret planlegging av lokalprodusert mat til eldre. Alt med realistiske inndekkingsforslag! (Økonomien i Voss er f.t. rimeleg bra.)

 

Laget har verbalforslag om m.a. betra trafikktryggleik i eit område på Vangen, om sanitærtilhøva ved skulane, og om opparbeiding av stranda mot Vangsvatnet.

 

Men det er sjølvsagt noko usikkert kva Venstre får gjennomslag for i kommunestyremøtet 15. des.. Det raudgrøne fleirtalet styrer nokså eineveldig i Voss!

Dei har elles lagt opp til eit ganske meir ekspansivt budsjett enn Venstre.

Ta kontakt med Elin Seim (99204005) for nærmare info.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**