Venstre i Voss har sendt fråsegn til Hordaland fylkeskommune om intensjonplanen for ein Vestlandsregion. Fråsegna lyder:
Voss Venstre støttar framlegget om at Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman til ein Vestlandsregion. Det vil m.a. kunna gje større tyngde og makt som eit alternativ til den stadig sterkare sentraliseringa i Osloområdet.
Kjerneområdet for nynorsk er Vestlandet. Nynorsk er ein sentral del av norsk språk og kultur.
Å fastsetja nynorsk som hovudmålforma for administrasjonen i det nye Vestlandsfylket, vil vera eit avgjerande grep for å halda oppe og vidareutvikla nynorsken sin plass i norsk kultur. Norsk kultur er, og må også i framtida vera, ein mangfaldig kultur!
Voss Venstre vil derfor på det sterkaste oppmoda Hordaland fylke om å leggja til grunn at administrasjonsspråket i eit nytt Vestlandsfylke skal vera nynorsk.