Venstre og Miljøpartiet med felles budsjett i Aust-Agder fylkesting

Foto: Margrethe Prahl Reusch
Sara Sægrov Ruud, fylkesutvalsmedlem
Sara Sægrov Ruud, fylkesutvalsmedlem
Kai Olav Fredriksen, fylkestingsmedlem for Miljøpartiet dei Grøne
Kai Olav Fredriksen, fylkestingsmedlem for Miljøpartiet dei Grøne
Jan Kløvstad, gruppeleiar for Venstre
Jan Kløvstad, gruppeleiar for Venstre

Miljøpartiet dei Grøne og Venstre stiller felles budsjettforslag i fylkestinget: Kraftfull satsing på kulturlivet heile året, spenstig miljøpolitikk med sol, el-bilar, el-ferjer, nullutslepp og nyskapingspengar med grøn profil, forsøksordning med ambulerande kjeveortoped til glede for barn og unge med lang veg til tannregulering: Vi håpar å få fleirtal for mange av desse forslaga:

Aust-Agder fylkeskommunes økonomiplan 2017-2020, budsjett 2017 og regionale utviklingsprosjekter 2017
Fylkestingets eldste og fylkestingets yngste parti – Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne – tar utgangspunkt i eit grundig, solid og framtidsretta budsjettforslag frå fylkesrådmannen, i tråd med viktige mål i Regionplan Agder 2020. Fram mot endelig budsjett er vi også innstilte på å støtte og innarbeide gode forslag frå både posisjonen og andre parti i opposisjonen.
Arbeid
Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne støttar hovedmålet i Regionplan Agder 2020 om å utvikle ein sterk og samla landsdel som er attraktiv for busetting og næringsutvikling både i kystsonen og i dei indre distrikta. For å møte utfordringane vi nå står overfor, er det viktig å støtte opp om tiltak som fremmer utvikling og skapar arbeidsplassar. Status i november 2016 er at Aust-Agder har ei arbeidsløyse på 3,4 %, som er blant det høgaste i landet. Dette handlar om 1.974 personer, 60 personer færre enn i september, og 186 færre enn i september 2015. Tilrettelegging for nyetableringar og vidareutvikling av eksisterande næringsliv er viktige satsingsområde for å bidra til ei bærekraftig utvikling og auka regional konkurransekraft.
Miljø
I høst trådte Paris-avtalen i kraft, og miljøpartia Venstre og Dei Grøne meiner at fylkeskommunen må vere ein aktiv pådrivar for å være med å nå måla om utsleppskutt av klimagassar som må til for å begrense den globale oppvarminga til under 1,5 gradar innan utgangen av århundret. Vi må gjere kutt i eigen organisasjon, og må også ta grep for å hjelpe både kommunar, bedrifter og folk flest til å være med på omstillingen. Vi meiner at satsing på nye arbeidsplassar, levande distrikt og eit framtidsretta næringsliv er ein del av løysinga.
Nybygg
I fylkesrådmannens økonomiplan og budsjett for 2017-2020 er det lagt opp til ein samla investeringskostnad på 1 246 800 mrd. kroner. Bygging av ny videregåande skole i Tvedestrand, vedtatt fylkesvegplan og byggetrinn 2 på Sam Eyde vgs er dei største investeringane. Vi ser behovet for høgt investeringsnivå på fylkesvegar og særleg gang- og sykkelvegar. I budsjettet prioriterer vi sammenhengande gang- og sykkelveg frå Froland til Arendal høgare enn det som er gjort i fylkesvegplanen. For å skaffe oss økonomisk rom utsetter vi et veiprosjekt med planlagt oppstart i 2017. Vi meiner at gang- og sykkelvegen er så viktig for trafikksikkerheit og som klimatiltak at dette er riktig.
Kultur
Vi vil, med grunnlag i fylkesrådmannens forslag, utvikle fylkeskommunen i stadig grønnare og meir sosial retning, med ein langt meir aktiv kulturpolitikk som prioriterer hverdagskulturen på en helt annen måte. Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne meiner det er rom for eit skikkeleg løft på kulturfeltet, eit løft som kan gjere at vi nærmar oss andre fylke i kunst- og kulturproduksjon, skaping av arbeidsplassar i regionen og heilårsaktivitet. Grunngjevinga for kvart enkelt forslag til auka løyvingar er den same: Styrke kulturarbeidsplassane, styrke organisasjonar og institusjonar som driv heile året.
Sist, men ikke minst, er forslaget vi legger fram eit budsjett med eit klart fokus på å beholde og videreutvikle levande distrikt i heile Aust-Agder. Her er heile budjettforslaget2016-11-29-budsjett2017aust-agdermdgv-tekstdel
**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**