Her er fleire ting å gle seg over:
- Rådmannen har lagt fram eit forslag der han har prioritert bemanning i barnehage (prekært!) og pris i SFO. I tillegg kan ein gle seg over reduksjon i kommunale gebyr – sjølv om det er mellombels og truleg skal opp igjen til neste år. Det vert satt av 2 millionar i disposisjonsfondet. Ein mindre sum enn vi burde, men betre enn ingenting.
- Med unntak av Høgre, så er det vidare semje mellom partia om dette:
- sette av midlar til to av dei fire lærarstillingane ved ungdomsskulen som ikkje lenger er finansiert av staten.
- ein heil, blank million til vedlikehald. (Ein har ikkje same forslag om fordeling mellom bygg og asfalt).
- midlar til planavdelinga. Beløpet er nokolunde det same frå alle parti, og alle er einige om at dette er til innkjøp av tenester – ikkje auke i bemanning (drift)
- vidareføring av tilbodet ved Kroken og Haldorvika (dagens tilbod) er inne hos alle
- nye lærlingeplasser i helse og omsorgssektoren
Så kjem det ein ikkje er einige om:
- AP og FrP ønskjer å halde ei administrativ stilling vakant (assisterande rådmann/controller, alt etter kva for eit administrativt behov som skal dekkast). Vidare vil Ap og FrP opprette eit nytt politisk utval. Og dei vil ha kulturpris.
- Krf, Sp, MDG og V vil auke grunnbemanninga innan helse og omsorgssektoren – blant anna for å få ned dyrkjøpt vikarbruk. Vi vil sikrar midlar slik at legevakta framleis kan halde noko kveldsope- som i dag. Vi vil kjøpe inn teknisk ustyr til streaming av politiske møte og sette av ein halv million ekstra til disposisjonsfondet (sparing/buffer for barnevernet).
Så kvifor stemmer Venstre for at eigedomsskatt vert nytta i drift?
Eigedomsskatt er ein tilleggsskatt ingen vil ha, og alle politikarane ønskjer at eigedomsskatten vert sett ned og blir fasa ut. Slik skatt skal i beste fall nyttast til å betale ned gjeld, drive vedlikehald og gjere eingongs-investeringar som ikkje bind oss i kommande budsjett. Ved å bruke pengar frå eigedomsskatten i drifta held vi kommunen «kunstig i live». Det kan og sjåast på som ei erkjenning av at kommunen har ikkje sjølvstendig økonomisk berekfraft. Dette var Venstre oppeteken av i debatten rundt kommunereforma.
Faresignal er, etter vårt syn, overtydelege i årsmelding og framlegg til budsjett. Konsekvensar av aukande behov og mindre overføringar frå staten er alvorleg for tenestene, og særleg innan helse og omsorg. Ikkje berre har me folkeauke – og eit aukande tenestebehov på grunn av dette. I tillegg kjem det nye krav til både kvalitet og tenester. Likevel skal helse og omsorg kutte nesten 3 millionar i rådmannen sitt framlegg. Generelt er rådmannen tydeleg på at fleire av tilboda vil bli påverka, og nokre av kuttforslaga må vurderast opp mot fagleg forsvarlegheit. Bu- og avlastingstenesta aleine skal kutte ein heil million. Her snakkar me om grunnleggande, basale tenester som ein kommune skal kunne levere. Og levere skal vi – og må vi. Derfor kan ein ikkje venta anna enn at ein til neste år, som i dette året, vil måtte ta i bruk vikarbyrå. Dette bidreg til ein meirkostnad i helsesektoren.