Pubmøte på Quality Sogndal Hotel 28. november

Fotograf Vidar Helle

Pubmøte: Grønt skifte og verdiskaping i Sogn

Venstre i Sogn, Abelia og NHO Sogn og Fjordane inviterer til uformell prat om grønt skifte og framtidsretta næringsutvikling i Sogn på Quality Hotel 28. november klokka 19.00

Kunnskapsparken Sogn og Fjordane, Årdal utvikling, Abelia, Venstres Sveinung Rotevatn og Gunhild Berge Stang kjem. Det håpar vi du også gjer!

Det blir stadig snakka om “grønt skifte”. Vi spør: Kva ligg i det og kva betyr det for verdiskaping i Sogn? Korleis kan vi utnytte mulegheitene? Jøril Hovland frå Kunnskapsparken og Terje Laberg frå Årdal Utvikling utfordrar til diskusjon.

Kva kan vi så gjere lokalt? Korleis påverkar vi nasjonalt? I distrikta snakkar vi ofte om at det er så langt til Oslo. Og langt er det, i alle fall i kilometer. Men du treng ikkje leige inn dyre konsulentar frå First House for å påverke nasjonalforsamlinga. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn snakkar om sine erfaringar med lobbyisme og påverknad på Løvebakken. Korleis presentere saka di på ein best mogleg måte? Korleis vite kven du bør snakke med? Og ikkje minst: Kva er dei viktige sakene å vere obs på i tida framover for oss i Sogn og Fjordane?

Pub-program:

Grønt skifte: Kva snakkar vi om konkret? Kva fortrinn har Sogn?
Prosjektleiar Jøril Hovland, Kunnskapsparken Sogn og Fjordane

Grøn omstilling i Årdal: Prosjekt Hydrogenfabrikk i Årdal
Dagleg leiar Terje Laberg, Årdal utvikling

Frå prosjekt til politisk realisering: Korleis påverke Stortinget?
Stortingsrepresentant for Venstre, Sveinung Rotevatn
Abelia v/ Mari Berdal Djupvik

Spørsmål, pils og prat. Alle er velkomne.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**