– Dette er ein viktig sak for Venstre. Rev og mink skal ikkje leve i bur. Deira behov blir ikkje tilfredsstilt i dagens pelsdyrhald. Vi vil gjere det vi kan for å få Stortinget med på eit forbod, lovar Rotevatn.
Styrt avvikling
Han påpeiker at dei har ein plan for avvikling.
– Det grunnleggjande problemet ikkje er bøndene sine haldningar og kontrollrutinar, men at ville dyr ikkje høyrer heime i små bur. Difor vil vi kutte subsidiane til næringa med 15 millionar og gje oppdrettarar det same beløpet i omstillingsmidlar, seier Rotevatn.
Rev og mink skal ikkje leve i bur. Deira behov blir ikkje tilfredsstilt i dagens pelsdyrhald.
I 2003 ga Venstres landbruksminister Lars Sponheim pelsdyrnæringa ti lange år på å rydda opp. Lite har skjedd. Venstre har fleire gonger dei siste åra forslått eit forbod mot pelsdyropprett, men ikkje fått fleirtall. Seinast denne veka kom Venstres alternative budsjett, og også her er forbod mot pelsdyr inne.
Går mot faginstansar
– Eg er skuffa og overraska over at regjeringa går mot faginstansar som Veterinærforeninga, Veterinærinstituttet og Rådet for dyreetikk. Desse vil avvikle pelsdyroppdrett av omsyn til dyrevelferda, og vi burde lytte til dei, meiner Rotevatn.
Han viser også til at Mattilsynet vurderer dagens driftsformar for pelsdyrhald som dyrevelferdsmessig utfordrande. Han meiner det er på tide at regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet, men også KrF, snur i saka.
Lever på overtid
– Næringa lever på overtid. Avsløringar om dårlege høve på pelsdyrfarmar viser at næringa er overmoden for avvikling. Dei klarer ikkje å betre dyrevelferda slik Venstre har krevd i over ti år, og bør leggast ned. Eg synest det er underleg at man gong på gong skal gje denne næringa fleire sjansar, når både faginstansar og befolkninga ønskjer eit forbod, seier Rotevatn.