Venstre med fleire satsingar for Sogn og Fjordane

Venstre og Sveinung Rotevatn vil gjøre det mulig å få dobbelt statsborgerskap.
Foto: Silje England Garshol

Tysdag 1. november lanserte Venstre sitt alternative statsbudsjett. Stortingsrepresentant Sveinung Rotevatn meiner Sogn og Fjordane kjem godt ut. – Dersom vi får med oss regjeringa på dette i forhandlingane, får fylket vårt eit løft, seier han.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**

Onsdag 2. november startar budsjettforhandlingane mellom regjeringspartia, Venstre og Kristeleg Folkeparti. Den viktigaste satsinga i Venstres alternative statsbudsjett er det dei kallar ei omlegging frå raud til grøn skatt.

 

– Vårt budsjett er eit grønt skatteskifte, mellom anna gjennom solide avgiftslettar på hybridbilar og skattefrådrag for klimasmart åtferd. Det blir enklare å leve miljøvennleg i heile landet, seier Rotevatn.

 

Tryggleiken på vegane får dessutan eit løft i Venstres alternativ, med 100 millionar kroner meir til skredsikring av fylkesvegar.
Også høgskulen får sitt frå Venstre. 25 nye studieplassar vert øyremerkte masterutdanninga i Climate Change Management i Sogndal.

Klima-utdanning i Sogndal

– Klimaendringane er allereie i gong. Og sjølv om vi skal gjere det me kan for å stoppe dei, må vi også lære oss å handtere konsekvensane. Meir ekstremvêr, flaum, skred og vindskade gjer at samfunnet treng fagfolk med klima- og naturvitskapleg kunnskap, som kan hjelpe oss med samfunnsplanlegging. Og i ei tid med aukande arbeidsløyse og eit behov for omstilling, er fleire studieplassar noko av det viktigaste vi kan satse på seier Rotevatn.

Satsing på Florø hamn

Kystbyen Florø blir også prioritert i Venstres budsjett. Partiet løyvar 82 millionar kroner til å djupe ut innseglinga til Florø hamn frå 16 til 20 meter.

 

– Med ei djupare innsegling kan verftsindustrien ta imot større båtar og riggar, noko som gjer det enklare å få oppdrag. Florø har den høgaste arbeidsløysa i fylket, mellom anna som følgjer av nedbemanningar i industrien, difor meiner Venstre det trengs ei særleg satsing her.

 

I fjorårets budsjettavtale slo stortingsfleirtalet fast at dei ønskjer å byggje ut Vik fengsel. Men framleis har ikkje spaden blitt satt i jorda. No løyver Venstre 25 millionar for å få fart på prosessen.

 

– Venstre har jobba systematisk for Vik fengsel i mange år. I staden for å kjøpe soningsplassar i utlandet, slik regjeringa gjer, vil vi byggje ut soningskapasiteten i Noreg. Med denne utbyttinga vil Vik få 30 nye plassar, og 20-25 årsverk med på kjøpet. Det er viktige statlege arbeidsplassar, seier Rotevatn.

Styrkar tapskompensasjonen

Etter at regjeringa la om inntektssystemet for fylkeskommunane, kom Sogn og Fjordane svært dårleg ut. Venstre har i tidlegare budsjettforhandlingar prioritert å auke opp den såkalla tapskompensasjonen, og det gjer dei også i år.

– Vi løyver 60 millionar til dette, noko som vil seie ein auke på om lag 20 millionar for Sogn og Fjordane sin del. Det er eit viktig bidrag for at vi skal sleppe drastiske kutt i vårt fylke, til dømes nedlegging av vidaregåande skular.

 

Av andre saker som er særleg aktuelle for Sogn og Fjordane, foreslår Venstre:

– Reversere det foreslåtte kuttet i utjamningsordninga for nettariffar på 20 millionar kroner

– 56,3 millionar kroner meir til utbygging av breiband i distrikta

– Oppretting av ein eigen barnehussatelitt i Førde

– 500.000 kroner meir til Nynorsk avissenter i Førde

– 750.000 kroner meir til Norsk fjordhestsenter på Nordfjordeid

– 800.000 kroner til etablering av ei landslinje for skiskyting ved Stryn vidaregåande skule.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**