Fylket vårt er eitt av landets viktigaste område for verdiskaping basert på vår storslåtte natur og geografi. Ei framtidig forvalting av verdiane våre krev ei god, kunnskapsbasert forvalting.
Det er store miljøutfordringar i fylket vårt innan m.a. klimaendringar, forureina sjøbotn, vassdragsforvalting, trua artar, framande artar, villaks, oppdrett, sjøfugl, verneområde, gjengroing og rovviltforvalting. Skal vi ha ei framtidsretta forvalting, må innsatsen aukast.
Møre og Romsdal Venstre går sterkt imot Regjeringa sitt framlegg om å kutte driftsmidlane til Miljødirektoratet med 30 mill. kr. Vi ser på dette som eit målretta åtak på miljøvernarbeidet, som harmonerer dårleg med det grøne skiftet.