Eid har fått 3 millionar til klimavenlege omsorgsbustader og 250 000 til sykkelstrategi. Sogndal har fått 300 000 til gang og sykkelvegar ved Kaupanger Næringspark. I tillegg har Sogn og Fjordane fått 800 000 til Hydrogensatsinga, i dette prosjektet er Flora, Bremanger, Selje og Høyanger involvert.
I forhandlingane om årets statsbudsjett fekk Venstre inn ein pott på 100 millionar kroner til klimatiltak i kommunane, og resultatet er at Sogndal endeleg kan sette i gang med prosjektet Kaupanger Næringspark for mjuke trafikantar.
– Det er kjempebra at våre kommunar er med på det grønne skiftet vi skal gjennom. Det viser at også Sogn og Fjordane kan bidra til å redusere klimagassutslepp. No vonar eg at vi ser fleire prosjekt frå Sogn og Fjordane i neste runde, for her er eit økonomisk potensiale for kommunane som i altfor liten grad er utnytta i vårt fylke, om vi samanliknar med løyvingane til andre fylke, seier Gunhild Berge Stang, fylkesleiar i Venstre.
Miljødirektoratet fekk over 330 søknader til Klimasats-ordninga for kommunar som vil redusere utslepp av klimagassar. Våre kommunar er 3 av 90 kommunar som til saman får 98 millioner kroner. Støtta vil utløyse tiltak for over 200 millioner kroner over heile landet.
– Det er heilt opplagt at vi både ønskjer og evnar å kutte klimagassutslepp lokalt.
Her er oversikt over kva kommunar som fekk kva:
http://www.miljokommune.no/Temaoversikt/Klima/Klimasats—tildeling-av-tilskudd-2016/#.WBG_9Vhx2GA.facebook