Bakeri

Bakeri og lokale brød er viktig for Sauda, både for omdømme og med tanke på arbeidsplassane bakeriet gir., Foto: Sauda Venstre

Sauda Venstre tykkjer det er trist at Øyra bakeri ikkje eksisterer lenger, og at det ser ut til at det ikkje blir vidare bakeriverksemd.

Brøda til Øyra bakeri har i mange år vore ei merkevare for Sauda og er kjende og populære langt utanføre kommunegrensene. Kjenneteiknet har vore variert utval med god kvalitet. Sauda treng ein spesialbutikk for produksjon av lokale brød og bakervarer.

Sauda Venstre ber omstillingsstyret om å arbeida for ei løysing slik at me igjen kan få bakeri og lokale brød i Sauda.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 8 år siden.**